Skrevet av Emne: tanker kring kostholdet til ein med redusert næringsopptak  (Lest 4226 ganger)

Utlogget Runner84

  • Nykomling
  • *
  • Innlegg: 10
  • Honnør: 0
  • Utlogget Utlogget

    Innlegg: 10

Eg var kraftig overvektig som barn og ungdom. Når eg var heilt i starten på 20-åra fekk eg hjelp i form av ein slankeoperasjon, der eg fekk redusert magesekken med ca 50% og dei kobla ut ein stor del av tynntarmen. Eg la om livet totalt den gangen, og trening og rein sunn mat blei ein vesentlig del av min kvardag. No, ein del år og ca 100 kilo lettare - har eg det bedre en nokon gang.
Men eg gjorde ein feil når eg la om livet, eg fokuserte utelukkande på cardiotrening og vekttap. Eg sprang langs veg og i fjell daglig i mangen år, styrketrening var ikkje eit tema ein gang. Men for eit år sia, tok eg meg i nakken og begynte. Eg trener 4 ganger i veka og stortrivast! Det har vert ein veldig god progresjon i styrke, og eg får mangen fine kompliment frå folk - og det er kjekt. Eg var veldig usikker på om eg ville klare å bygge særlig med.muskler, pga eg har redusert næringsopptak, då tynntarmen er betydelig kortare en hjå andre, men det ser ut som det går bra.
Eg har også endra kostholdet etter eg bestemte meg for å forsøke å bygge musklar, eg har ikkje rekna på kalorier, men har hatt fokus på å ete mest mogleg av den maten eg treng, og ein vanlig dag kan sjå slik ut:

Frukost:eggerøre av 5 egg, med smør og litt fløte, litt salat og tomat attåt.
Lunch: 180 grams karbonade (storfe), 75 gram kvit ris og litt salat
Før trening: havregrøt (1 kopp havregryn) og melk, samt ei banan.
Etter trening: proteinshake og banan.
Middag: ein torskefilet og søtpotetmos
Kveldsmat: kyllingfilet og ris.
Snacks: proteinbar

Dette er det maksimale eg klarar å ete pr dag, og det er snakk om normale porsjoner, eg klarar ikkje ete enorme porsjonar ,slik som andre - ein vanlig tallerken med mat er maks. Det ser ut som det holder, eg legger ikkje på meg særlig, men det er tydeligvis nok til å auke i styrke og bygge musklar.
Men har folket synspunkter på den planen eg satte opp? 4 større måltider og to mindre før og etter trening. Masse fokus på proteiner, men eg har tenkt som so at med mitt avgrensa næringsopptak, må det være betre å få i seg so mykje som mogleg.

Gå til:  

Disse kosttilskuddene er glemt for mange, men som alle bør ta.

5 digge middager med cottage cheese

Kosthold09.08.2021270

Cottage cheese er blitt en svært populær matvare!
Det er en risiko forbundet med treningen og løftene man utfører
Det finnes så mange gode varianter av middagskaker enn bare karbonadekaker.

5 fordeler med stående leggpress

Trening28.06.202153

Det er mange fordeler med å trene leggene dine. Se her!