Treningsforum

Generelt => Saker fra media => Emne startet av: Zuul på 05. september 2008, 13:36



Tittel: Kirketeig er tilbake – sterkare enn nokon gong
Skrevet av: Zuul05. september 2008, 13:36
STYRKELØFT: Alexander Kirketeig er så godt som klar for VM. Og han har aldri før vore i så godt slag.

(http://i16.photobucket.com/albums/b20/zuulroy/Untitled-1.jpg)


VM-HÅP: Alexander Kirketeig er tilbake i god VM-form, og kan vere i ferd med å nærme seg medaljesjiktet. Biletet er frå ei tidlegare trening.

RUNE FOSSUM tekst og foto

– Det er ikkje i tvil om at eg er sterkare enn nokon gong, seier 29-åringen.
Han er med på det førebelse uttaket til VM og må berre reint formelt kvalifisere til meisterskapen på eit stemne seinare i haust. Difor legg han allereie no heile programmet opp etter å prestere maks under VM.

Klar etter litt kvile

Etter at han deltok i VM i 2005, har det vore meir stille rundt styrkeløftaren frå Førde. Han har stilt opp i meisterskap og teke NM-gull, men ikkje komme på det same internasjonale nivået som den gongen. No ser alt mykje lysare ut.
– Eg vart skadd i EM 2006, og i det heile teke hatt ein rolegare periode. Treninga har vore der,
men eg har late kroppen kvile litt, forklarer Kirketeig.
– Kva kan du vere god for under VM?
– Eg får berre kjeft om eg seier det. Men eg blir iallfall alvorleg misnøgd om eg ikkje klarer 850
kilo samanlagt, seier førdianaren.

Håpar på medaljar

Det vil truleg seie eit lite stykke bak medaljane. Men med fullklaff er Kirketeig god for meir.
Og då kan det lukte fugl...
– Eg håpar å komme på premiepallen i benkpress og knebøy som deløvingar. Så eg kan nok
vere med oppi der, spekulerer han.
Etter 14 år med den ekstreme idretten, er Kirketeig lysten på meir. For framleis lærer 29-åringen
noko nytt kvar einaste gong han køyrer opp til eit stemne. Og han er lysten på å sjå kor
langt han kan nå.
– Eg vil iallfall halde på så lenge eg kan perfeksjonere meg endå meir, seier han.
Kirketeig er no inne i ein tung treningsperiode, og har ingen planar om å sleppe opp på den
før det nærmar seg VM. Han er så sikker på å klare kvaliken, at det nesten blir som ein del av treninga.
– Eg skal sleppe opp like før VM. Då skal eg vere i toppform, gliser han.
Då kan rekordane stå for fall.


KIRKETEIG SIN CV

■ Styrkeløftar frå Førde
■ Fødd: 5. februar 1979
■ Sivil status: Sambuar
■ Personlege rekordar:
Benkpress: 231 kilo
Knebøy: 341 kilo
Markløft: 287,5 kilo
■ Internasjonale merittar: 7.
plass i VM, 6. plass i EM. Bronse
i knebøy og benkpress frå
EM i 2007.
■ Merittar i Norge: Fem gull i
junior-NM. Tre NM-gull i senior.


Tittel: Sv: Kirketeig er tilbake – sterkare enn nokon gong
Skrevet av: Kris05. september 2008, 22:07
Kirketeig er en artig og sterk kar  :8):


Tittel: Sv: Kirketeig er tilbake – sterkare enn nokon gong
Skrevet av: Ivrig pingle05. september 2008, 22:10
Kirketeig er en skikkelig cowboy  :8):
Håper ingen ting kommer i veien for en fullt fortjent VM deltagelse  :D


Tittel: Sv: Kirketeig er tilbake – sterkare enn nokon gong
Skrevet av: Zuul06. september 2008, 09:57
tror han kommer til å overraske positivt framover