Vis innlegg
Sider:
  • 1
  • 2
  • ...
  • 8
  • 1  Generelt / Loggbok Online / Sv: Smoe og Egoscue på: 18. oktober 2011, 00:18
    Tur til Åsane i dag.
    God framgong fortsatt, men mykje att. Blir å fortsetja å jobba med haldningsmessige ting framover.
    Eg er ikkje så flink til å aktivere dei rette musklane når eg utfører rørsler og trening, så det er blant anna dette fokuset ligg på når eg utfører øvingane; alt frå å bruke dei rette musklane når eg går, til å aktivere rette musklar når eg trenar, og ikkje kompensera med andre muskelgrupper i nokon av tilfella.
    2  Generelt / Loggbok Online / Sv: Smoe og Egoscue på: 04. oktober 2011, 19:36
    Eg skulle ha vore i Åsane i dag, for ein ny konsultasjon, men det klarte eg å gløyme.  Ohmy Vert ikkje tur ut att der før om eit par veker.

    I tillegg har eg teke meg litt for stor fridom ved å leggje ut programmet mitt her, så det vart diverre fjerna av underteikna i dag.  what
    3  Generelt / Loggbok Online / Sv: Smoe og Egoscue på: 21. september 2011, 20:05
    Eg fór ned på vektertorget i dag, og prøvde meg på et par øvingar.
    Byrja med hantelroing, med kneet på benk, der eg gjekk opp til 10 x 26kg.
    Prøvde meg og på strakmark, opp til eit par 5-ar sett på 80kg.

    Biceps og triceps vart det ikkje gjort så mykje av, for eg merka fort at eg aktiverte skuldre for mykje på tricepsøvingane, både med curlstang, og tau i kabel. Så då vart det med dei to enkle øvingane for ryggen i dag. I tillegg blir det jo gjennomgong av egoscueprogrammet, så snart eg har fått slengt i meg noko mat.  Smiley
    4  Generelt / Loggbok Online / Sv: Smoe og Egoscue på: 21. september 2011, 16:01
    Har opplevd noe lignende selv, at ettersom du håndterer enkelte problemer så dukker nye opp. Det går liksom i skall innover.
    Jepp, det er vel som regel naudsynte steg på vegen...

    Hvis hoftene retter seg kommer alt etter. Du får heller satse på å modifisere et Sheikoprogram til å bare gjelde biceps og triceps  Grin
    Ja, dersom eg klarar å kopla ut skuldre og rygg osv medan eg trenar biceps/triceps, og egoscuetreninga mi varar i nokre månadar, satsar vi på bicepscurling av tidligare militærpressvekter før eg er tilbake i full trening. Grin
    5  Generelt / Loggbok Online / Sv: Smoe og Egoscue på: 20. september 2011, 23:49
    Tysdag, og nytt besøk hos Form i Fokus.
    EDIT

    Har hatt god framgong sidan sist. Det vil seie; hofteområdet har retta seg godt opp, og er på veg mot bra greier, men øvre del av kroppen var visst endå verre enn det har vore før. Men, igjen, det var visstnok venta, og berre slik det må vere, og så blir fleire og fleire delar, retta meir og meir, etter kvart.

    Det vert sannsynlegvis litt trening med strakmark og hantelroing, eventuelt litt armtrening, i tida framover, etter godkjenning av Egoscuemannen.
    6  Trening / 5x5 / Sv: 5x5 Stronglift Spørsmål på: 13. september 2011, 10:05
    Her kan du sjå Stronglifts 5x5 beginner programmet, om du blar deg eit stykke ned på sida. Der kan du og få tilsendt pdf-boka om programmet; som det er lurt å lese godt gjennom før du byrjar.  Smiley
    7  Generelt / Loggbok Online / Sv: Stian og Egoscue på: 13. september 2011, 08:12
    Kom meg ned til studentsenteret, og fikk svømt 4-500 slappe meter i går. Usikker på om dette er bra for meg i denne perioden. Det er mogleg at skuldrene ikkje tener på dette.
    Eg byrja å gjere FiF-øvingane mine ca halv to, så då vart det seint i seng denne dagen óg! what

    Vanskeleg å komme seg i seng, når du byrjar å utforske youtube, og finn nye videoar, og finn att gode gamle videoar som til dømes:
    Zakk Wylde
    8  Generelt / Loggbok Online / Sv: Stian og Egoscue på: 09. september 2011, 10:59
    Powerwolf, Sabaton, Graveyard, Rory Gallagher, Electric Wizard, Danzig og Dunderbeist!
    Takker! Smiley Spennande navn på dissa...

    Det første eg "youtuba" var Powerwolf, og eg fekk opp "We Drink Your Blood". Reint melodiøst minte det meg svært om ein god gamal song frå Roxette. Ikkje spør meg kvifor dette plutseleg dukka opp i hovudet mitt, og ver snill og la vere å dømme meg for det!  Grin
    Her kjem ein liten samanlikning; høyr melodilinja frå 0:36 i Powerwolfsangen, og tilsvarande frå 0:55 i Roxettesangen:

    Powerwolf:

    Roxette
    9  Generelt / Loggbok Online / Sv: Stian og Egoscue på: 08. september 2011, 19:47
    I går var eg innom Vektertorget, for å ta ei egoscueøkt. Men det var ikkje lenge etter at eg var komen inn på treningsstudioet at eg fann ut at det ikkje er noko vits i å opphalde seg på eit treningsstudio for desse øvingane. Å stå og sveie fram og tilbake langs ein vegg, eller å sitje og presse puter mellom beina x antal gonger er lettare å gjer heime i stua; i trygge omgjevnader!  Tongue
    Så då blir det få turar på VT framover; eg får stikka innom eit par gonger bare for nokre enkle isolasjonsøvingar, så eg ikkje blir for skremd av staden når eg har utbetra skeivheitene i kroppen. Noko skikkeleg styrketrening blir vanskeleg når eg har blitt anbefalt å unngå både knebøy, markløft og militærpress.
    I tillegg må nok spillelista på dataen utvidas ein del, då 1+ time med små rørsler, krevjar god, variert, underhaldning av den musikalske sorten. Eg tek gjerne imot tips.  Grin
    10  Generelt / Loggbok Online / Sv: Stian og Egoscue på: 06. september 2011, 22:23
    EDIT

    Nokre av øvingane på egoscueprogrammet er mykje tyngre enn ein skulle tru, og det krev mykje konsentrasjon på eit par av dei. Men dette er vel som alle andre ting; ein treng litt tid før ein klarar å vende seg til opplegget.
    11  Generelt / Loggbok Online / Sv: Stian og Egoscue på: 05. september 2011, 18:34
    Veldig bra Stian! Tipper at du ser fremgang til neste konsultasjon, og at du om noen måneder er friskere og sterkere enn noensinne!
    Good shit. Tom Sturle er flink han, selv om han er tynn som en strek.
    Takker! Cheesy
    Eg har ikkje vore hos så mange legar og liknande i samanheng med skadar og andre ting som eg får hjelp med no, men inntrykket mitt er at det er mykje meir synsing og vas enn det burde vore. I dag følte eg ikkje at eg fikk litt informasjon og nokre retningslinjer å følgje når det gjeld tinga eg må jobbe med. Det var meir som ei lita utdanning pressa ned i 90minutt, og det var fleire gonger under konsultasjonen at eg tok meg sjølv i å smile, berre fordi eg forstod at det som vart sagt, var så bra, og nyttig, som det er!

    Angåande kroppsvekt, så vart det prata litt om det medan eg var der, og han spurde korleis vi klarte det; når eg nemnde at eg hadde gått opp 10+ kg på litt over eit halvt år. Då han heldt på, auka dei 2,5kg i året, og var nøgde med det. Han er vel berre ikkje glad nok i mat.  Grin
    12  Generelt / Loggbok Online / Sv: Stian, SL 5x5, film s. 5 og 7 på: 05. september 2011, 16:30
    FUNKSJON I FOKUS:
    I dag har eg vore i Åsane, og helst på han eg har likt å kalle ryggmannen, men som eg no heller vil kalle kroppsmannen, for han har peiling på heile sulamitten!

    Det byrja med at han tok bilete av kroppen frå alle sider, før eg fekk leksjonar om alt frå topp til tå, og informasjon om korleis dei forskjellige delane av kroppen påverkar kvarandre. Det vart ufatteleg mykje informasjon på kort tid, men eg forsøkte å få med meg så mykje som mogleg.

    Eg har lenge tenkt på at det hadde vore veldig digg å ha med seg folk på trening, som kunne retta på kvar minste ting, og sei kva som måtte til for å retta det. Det var omtrent sånn det føltes ut då vi byrja med litt øvingar der ute. Eg viste han korleis eg pleier å trene knebøy, og rett før eg kom ned i parallell stoppa han meg, og viste meg kva delar som burde vore aktivert, men som ikkje var det.
    Eg forklarte og korleis eg pleier å ta militærpress; då berre smilte han og rista på hovudet før han fortsatte å forklare, og då eg nemde at eg prøvde å jamna ut styrken i høgre/venstre bein fortalde han meg at det kom ikkje til å gå, før meir informasjon kom susande i mi retning.

    Grovt oppsummert var dette dei store tinga han peikte på:
    - Hofta er skeiv: venstre side er høgare, og "tippar" meir framover enn høgre side.
    - Skuldrene sit ikkje "like høgt" på kroppen, og dei er litt framoverlent.
    - Høgre ryggstrekkar er omtrent ikkjeeksisterande, sidan eg ikkje har klart å aktivera den skikkeleg under øvingane.

    No blir det å dagleg utføra ein del øvingar eg fekk av han, før eg skal ut til ein ny konsultasjon om 15 dagar. Styrketreninga blir minimal framover, så eg blir vel å finna på "godrommet" på Vektertorget; liggjande på ei matta, evnt ståande innttil veggen medan eg svingar overkroppen frå side til side, og så får vi ta tida til hjelp, og sjå når vi kan byrje å løfte att.
    13  Generelt / Loggbok Online / Sv: Stian, SL 5x5, film s. 5 og 7 på: 03. september 2011, 17:00
    Laurdag:

    Alle øvingane på programmet vart gjort med belte i dag.

    Knebøy:
    Kettlebellvas
    5 x 20kg
    2 x 5 x 60kg
    2 x 100kg
    2 x 110kg
    1 x 120kg
    5 x 5 x 127,5kg

    Militærpress:
    2 x 5 x 20kg
    5 x 30kg
    2 x 50kg
    1 x 60kg
    5, 5, 5, 3 og 3 reps på 72,5kg

    Markløft:
    5 x 60kg
    5 x 100kg
    2 x 140kg
    5 x 180kg

    Tre sett pull-ups og 2 sett planken+15kg på slutten av økta.

    Tung, tung økt, men var veldig nøgd på slutten. Marken gjekk betre enn venta, bøyen gjekk, militærpressen er framgong frå forrige økt, eg tok fleire reps på pull-ups enn eg har gjort før, og magetreninga kjentes veldig bra ut.

    No vert det god restitusjon utover kvelden, med innflyttingsfest hos nordlendingar!
    14  Generelt / Loggbok Online / Sv: Stian, SL 5x5, film s. 5 og 7 på: 01. september 2011, 23:41
    Torsdag:

    Knebøy:
    Kettlebellvas
    2 x 5 x 20kg
    5 x 60kg
    2 x 60kg
    5 x 90kg
    2 x 110kg
    5 x 5 x 125kg

    Benkpress:
    2 x 8 x 20kg
    5 x 60kg
    3 x 85kg
    5, 5, 4, 5 og 5 reps på 97,5kg. LOL!

    Kroc Rows:
    10 x 30kg
    20 x 30kg

    Eit par sett dips på slutten.

    Komisk benkpress i dag. Var usikker etter 4. repetisjon på 3. sett, så droppa den reppen. Hadde mykje betre løftebane på dei to siste setta, så dei gjekk strålande, men vi får følgje Mehdi sine reglar og ta opp att 97,5kg neste gong.

    Før siste settet mitt i benkpress, så la eg merke til ei jenta som trente benk rett bortanfor meg. Eg vart først imponert over dei lette repetisjonane ho tok på 30kg, før ho økte til 40 og fortsatte like lett. Og så opp til 50, og hadde visst 3 repetisjonar inne der og. Dette var ei jente som ikkje såg ut som den typiske styrkeløftjenta! Ho vegde nok knapt meir enn høgrebeinet mitt og eg som trudde jenter med maksløft over 50kg måtte nærme seg ein utsjånad som ein liten Benedikt Magnusson!
    Eg møtte blikket til ein av dei kjende ansikta på vektertorget, som óg stod og såg på dette, og han var tydeleg like imponert som meg.
    Moro!  Smiley
    15  Generelt / Loggbok Online / Sv: Vegard trener på: 01. september 2011, 08:26
    Velkomen tilbake!

    Blir det å fortsetja på opplegget ditt frå i sommar framover, eller har du planar om utprøving av spanande program?
    Sider:
  • 1
  • 2
  • ...
  • 8
  • Disse kosttilskuddene er glemt for mange, men som alle bør ta.

    5 digge middager med cottage cheese

    Kosthold09.08.2021270

    Cottage cheese er blitt en svært populær matvare!
    Det er en risiko forbundet med treningen og løftene man utfører
    Det finnes så mange gode varianter av middagskaker enn bare karbonadekaker.

    5 fordeler med stående leggpress

    Trening28.06.202153

    Det er mange fordeler med å trene leggene dine. Se her!