Klart at beina må være med (spes i slegge). Uten beina taper du mye lengde. Men ta kule f.eks. Beina må jo løfte skyve/løfte hele kropppen. Det er tungt og skaper ikke mye fart på kula. Det vil bidra litt, men det må være bevegelsen i overkroppen med armene som skaper den store farta på kula. Beina er med for de ekstra metrene, men det er ikke de som skaper den store lengden. Du kan jo prøve å støte kula med bare beina, det blir ikke langt. Så kan du prøve og ikke bruke beina, bare armene. Du får mange meter likevel.
Trur ikkje det gitt. For ein demonstrasjon: Sett deg og støyt kule med ryggstøtte, so skal du sjå korleis det går. Kulestøyt er ei heilkroppsøving. Sanninga er at når du prøver å kaste med armen, so mister du kraft. Det gjeld båe i kule, diskos og spyd. Armen skal koma på strekkrefleks. Kastaren må ikkje vera utolmodig, han lyt vente til framsida av kroppen er heilt oppstrekt, då kjem armen av seg sjølv. Rotasjonsrørsla i utkastet startar heilt nede i føtene, går oppgjennom kroppen og ender i armen. Reiskapen skal akselererast heile vegen. Sjå på Ulf her, kor god han er til å bruke beina og rotere høgresida rundt den blokkerte vinstresida. Merk òg kor lågt han enno ligg med overkroppen når han landar etter hinket
http://www.youtube.com/watch?v=ocChcn-VjuYEller med ein annan teknikk, Adam her har eitt ekstremt godt fall inn i ringen. Merk serleg kor rask Adam er med vinstrefoten når han skal i utkaststilling. Han fær ein ekstrem separasjon millom hofte og skuldrer. For at han skal løyse opp den separasjonen og svinge fram høgresida si samstundes med at han lyfter kroppen (og kula), treng han ei god blokk, ein solid stem i vinstrebeinet, slik at hofta, skuldra og til sist kula kan koma opp og fram. Du treng faktisk mykje styrke i beina for å få ei god blokk i den farta.
http://www.youtube.com/watch?v=9fTFEOh-1EE