Eg er i mot doping.
Mange gode poeng i denne diskusjonen her, og ein del useriøse. Skyrt går til Ryu som "oppgraderte" kommenteringa si mange hakk, og til han som fortalde om si "dopinghistorie"
At AAS er skadeleg for dei som ikkje har ein medisinsk grunn for å få resept på det, er det ingen vitskapleg tvil om. Det er jo eitt argument for at ein ikkje burde bruke AAS.
Menneskekroppen er i tillegg ein så avansert mekanisme, så fininnstilt over utallige generasjonar med mutasjonar, at å klusse med "skaparverket" vert i mine augo heilt feil. Byggje musklar er greit, men å tilføre ekstra anabole steroider når det ikkje er noko medisinsk grunn til å gjere det? Det vert feil, i mine augo.
Det er lov å bruke AAS, for at dei som av medisinske grunnar må ha det, ikkje skal vera kriminelle. Lova er rar, og burde jo vore slik at det skulle vore lovleg å ha brukardosar av/med AAS for dei som kunne framvise resept frå lækjaren. Uansett, denne lova burde vore grunn god nok for dei fleste til ikkje å bruke AAS.
I og med at nokon gjer det likevel, og det ikkje er noko opptakskrav på treningssenter at ein skal vise si uskuld, og det vel på dei færraste senter er jamnlege kontrollar på det, og det er slik i Noreg at alle er uskuldige inntil det motsatte er bevist, gjer jo sitt til at mange, inkludert meg sjølv, i ungdomen, såg litt opp til dei digre muskeltrolla, og tenkte at slik skal eg bli. Når ein i tillegg les om trening, så brukar ein jo oftast bilete av bolarar, og då vert jo signaleffekt deretter. Og når ein i tillegg ser all annonseringa her på TF, så er det i det heile tatt rart at TF har ein policy MOT doping!!!
At alkoholbruk fører med seg større samfunnsmessige konsekvenser enn bruk av AAS, er det jo heller ikkje noko grunn til å diskutere, og enkelte andre ting er verre enn alkohol igjen. La meg berre få avslutte heile den tankerekka der med følgjande: Det einaste som er sikkert her i livet, er at du skal døy.
Skal folk då få velgje sjølv korleis dei vil døy, og korleis dei vil leve livet? I teorien er eg samd med Ryu. Ryu har tankar om at me sjølv veit best kva som er best for oss sjølv. Eg og ein kompis konkluderte tidleg i puberteten med at folk flest er idiotar, og bør beskyttast mot seg sjølv, og vernast frå allmennheten. Og så er det jo ordtaket som heiter: The problem with common sense, is that it's not so common.
Vel, det var litt av mine synspunkt. Eg synst for øvrig det er like feil og tullete av styrkeløftarar å bruke skjorter og draktar på løfta sine, som det er å dope seg. Juks er det okke som.