Hei!
Ønsker å få litt hjelp til å nå måla mine. Har no sidan nyttår prøvd å klare meg sjølv, men ser at framgangen ikkje er tilfredsstillande. Eg er 188cm høg, og per idag er eg 102,5 kg. Målet mitt er å komme meg ned til 85 kilo, og dette har vore målet mitt i alt for mange år no! Sidan nyttår no så har eg trent annankvar dag, der eg først trener fullkroppsprogram, for så å køyre kardio etterpå(20-30 min). Eg er aktiv innan fleire forskjellige idrettar, både motbakkeløp, flate løp og bordtennis. Har heilt kurrante persar innan dei tre store, og merker at sidan eg begynte på att etter nyttår har eg fått ein god del meir styrke.
Vekta derimot, det er den som stopper meg no. Eg har prøvd å ligge på 2000 kcal per dag med under 150 gram karbo og over 200 gram protein. Allikavel så har eg økt kroppsvekta sidan nyttår. Korleis kan dette ha seg? Veit jo at dei første vekene etter ein starter på att med styrke så er det vanlig at vekta går opp, men hadde sett for meg at den skulle begynne å gå ned no.
Målet mitt i første omgang er å komme ned mot 90 kg til 1. mai. Om eg ikkje klarer dette, så iallfall så nært som mulig. Grunnen til dette er at løpssesongen starter då. Ønsker også å fortsette med styrketreninga, slik at eg etterkvart får den forma eg ønsker meg.
Nokon tips til meg på veien? Tenkte å øke mengden kardio no da, sidan eg treng litt ekstra mengdetrening no i forkant av sesongen også.