Søndag 20.05.18
STATUS HØ KNE
Den 16.05 var kneet meget dårlig på trening. Det låste seg i ny og ne, og eg klarte sovidt å bevege meg/gå ein distanse utan at eg skulle kjenne det i kneet, sjølv om eg var forsiktig. Tenke at om dersom eg skal få feira 17. mai må eg prøve å gå skikkelig, sidan det ikkje fungera å gå rundt slik som dette. Trapper har fortsatt vert verst (nedover).
På veg heim frå trening gjekk eg på, noko som gjekk heilt fint. Det har sidan dette gått fint, sjølv om eg har hatt nokon knekk inn i mellom, so har det vert på langt nær so gale. Fungera og å gå ned/opp trapp utan at det skal hakke (som det gjor).
Det eg trur er gale er at det er ein laus bit i kneet som flyttar på seg. Den låg på ein veldig lite gunstig plass fram til 16. (mellom legg- og lårbein), men fekk flytta seg.
Eg trur denne biten har låge inn i kneet (på ein gunstig plass) sidan eg opererte i fjor, og no komt ut av denne posisjonen til ein meir ugunstig ein. Berre få veker etter operasjon (for eit år sidan) fekk eg ein liten vridning i kneet som framprovoserte pseudolåsningar i kneet (tilsvarande det eg har hatt no). Det gikk den gang, som no, ut over gangen, bråe bevegelsar og trappegang.
I dag kjente eg det og bak i knehasen, tilsvarande som eg kjendte ca. 18.08.17. Grunnen trur eg er denne lille biten som har flytta seg slik at det kjennest ildt ut bak i knehasen (som om eg er stiv der), og provosera ledda slik at det kan bli smertefullt (som sommaren 2017).
No er altså kneet greitt å gå med. Har som sagt lite låsningar (kanskje 2 for dag, men er ikkje betydelige). Kjennest ut som at eg litt hoven/stiv i kneet. Det knekker litt på kneskåla når eg bøyer kneet, som det har gjort i eit år. Kjennest stivt ut i knehase også.
Satsar på dei finn det ut på MR, og at ein får konkludert med fjerning av denne biten, og evt kor den kjem frå.
STATUS VE KNE
Det har vert veldig bra, spesielt siste 2 åra. Dei siste mnd har eg likevel kjent det i underkant av kneet etter dagar med mykje belastning (gåing med dårlige sko, harde økter osv). Satsar på at dette ikkje er ein tendens som begynder å vise seg.