2-splitt 2 ganger i uka er en mulighet og det trenger ikke være snakk om enormt mange øvelser og sett. Eller 2-splitt 3 ganger på 2 uker. For de som trener f.eks. løping så går det an å kombinere det med påfølgende styrketrening og det blir fortsatt ikke mer enn 3-4 treningsdager i uka.
Jau, men...om den totale treningsbelastninga ikkje er høgare enn at det er råd å trene det som eit fullkroppsprogram, ser eg ikkje heilt meininga i å splitte det opp. Eg ser ikkje at det skal vera noko poeng i å trene splitt berre for å trene splitt. Ingen har enno greidd å overtyde meg om at splittar i utgangspunktet er betre enn heilkroppsprogram.
Attåt det kjem spursmålet om frekvens. Styrketrening for idrettsutøvarar må vera rørslebasert, ikkje muskelbasert. Løparar, hopparar og kampsportutøvarar ynskjer å bli sterkare utan noko serleg hypertrofi, noko som tyder at styrketreninga er fyrst og fremst nevral, med etter måten lågt volum og høg intensitet. Det er meir snakk om å styrke rørslemønster og nervebanar enn å trene musklane. Då trur eg ein tener på å ha nokonlunde høg treningsfrekvens, altså at ein skal repetere ofte. Ein dobbel to-splitt let deg repetere rørslene to gonger i veka, medan tri heilkroppsdagar i veka gjev deg tri gonger repetisjon. Som Pavel Tsatsouline seier: "Strength is a skill". Eg meiner han har rett i det, og i at ein ferdigheit må øvast på. Tillet ikkje planane dine at du øver mykje, so øv i alle høve ofte.