Eg byrja med styrketrening for eit par år sia, med intensjon om å bygge muskler. Eg var svært spinkel på dei tider og har hatt godt utbytte av treninga, har ein mykje betre fysikk i dag. Men problema oppsto for eit år sia, så ryggen fekk seg ein solid smell. Eg hadde svært mykje ryggplager når eg var mellom 15 og 20 år gammal, men hadde ikkje merka noko til det siste 10 åra. Eg er ikkje spesielt mobil heller, til tross for at eg tøyer det eg kan, varmar opp før trening osv. So sjølv om eg prøver å fokusere på teknikk, so er det ikkje umogleg at teknikken kan vere ein faktor i det her. Men det kunne også vere at det var ein gammal skade som blei aktiv igjen då eg byrja å løfte tungt.
Slik det har vert siste året, har eg blitt dårlig i ryggen, som regel i forbindelse med trening, særs markløft. So blir det 2-3 veker med kiropraktorbesøk og so byrjar eg forsiktig med trening igjen med fokus på gradvis progresjon. Etter 2-3 mnd, får ryggen seg ein ny smell, og so er det på'an igjen.
Eine kiropraktoren min er veldig på det at eg bør kutte ut markløft i ein lengre periode (6-9mnd). Men for meg er trening veldig viktig, og når ein trener med intensjon om å bygge muskler, so klarar ikkje eg heilt å sjå føre meg eit skikkelig treningsopplegg uten markløft. Ryggen og holdning har vore fokusgruppa mi heile vegen, og treningsprogrammet mitt tek utgangspunkt i baseøvelsane.
Kva ville folket gjort i min situasjon?