STRONGMAN: – Det må vere noko i dei sunnfjordske genane, ler Nils Kjetil Sande (30). I helga vart
fjalerbuen norgesmeister i strongman for aller første
gong.tekst RUNE FOSSUM
– Det gjekk veldig bra, konstaterer Sande. Han gjekk heilt til topps i klasse minus 105 kilo under Kristiansand Showlift Open. Stemnet var NM for denne klassen.
– Eg kan smykke meg med tittelen norgesmeister no. Veldig moro, humrar Sande.
Tek opp Sunnfjord-arvenHan tek dermed opp tradisjonen frå sterke sunnfjordingar som Stian Grimseth, Geir Grønnevik, Jørn Høyset og Alexander Kirketeig– berre for å nemne nokre som har herja i norgestoppen i styrkeidrettar dei siste ti åra.
– Det er mange frå Sunnfjord med gode genar. Og eg reknar meg framleis som fjalerbu – sjølv om eg har budd på Sørlandet i ti år, seier Sande.
Han er opphavleg frå Flekke, men er til dagleg gruppeleiar i firmaet National Oilwell i Kristiansand.
God allrounderStemnet i Kristiansand var det hittil største i norsk samanheng, med oppimot 50 påmelde deltakarar fordelt på tre klassar. Sande tok NM-tittelen etter å ha vunne samanlagt i øvingane viking press, farmers walk, dekkvelt og steinløft.
– Eg er eigentleg ikkje veldig god i nokre av øvingane, men jamt god i alle. Den einaste einskildøvinga
eg vann var steinløft, fortel 30-åringen. – Det viktige er å liggje i toppen av alle øvingane, forklarer
Sande.
Han har delteke i NM i strongman berre éin gong før. Det enda med bronse i 2006. Elles trenar han mest styrkeløft – utan å ha spesielle merittar å slå i bordet med.
– Eg skal vere med i NM i april. Men eg veit ikkje kva plassering eg kan håpe på, seier Sande.
Mykje trening for å vinneDen siste tida har kraftkaren trent fem dagar i veka. Kvar økt er på mellom to og tre timar.
– Det er mykje trening. Men etter NM-gullet føler eg jo at det har vore verdt det, gliser Sande. – Eg trenar fordi det er moro. Elles kan eg berre kutte ut, meiner fjalerbuen.
PS: Helgas prestasjon i NM gjer at Sande er kvalifisert til å delta i Norges sterkaste mann 2008. Dette er ein konkurranse for dei 12 sterkaste mennene i Norge uavhengig av vekt. Sande skal med andre ord konkurrere mot folk som er nærmare 50 kilo tyngre enn han sjølv.
rune.fossum@firda.noNM-GULLET■ Dette var øvingane Nils Kjetil
Sande tok undervegs til NM-gullet
i strongman:
■ Viking press: Eit stativ på
105 kilo skal løftast flest mogleg
gongar over hovudet på 90
sekund.
■ Farmers walk: Deltakarane
skal gå lengst mogleg med 110
kilo i kvar hand. Løypa er på 30
meter med vending halvveges.
■ Dekkvelt: Tre dekk frå 270 til
400 kilo skal veltast to gongar
kvar – på kortast mogleg tid.
■ Atlassteinar: Fem runde
steinar skal løftast opp til eit
om lag 125 centimeter høgt
bord. Vekt på steinane: 100 –
110 – 130 – 140 – 150 kilo.
NILS KJETIL SANDE■ Fødd: 6. juli 1977
■ Høgde/vekt: 182 centimeter/
107 kilo
■ Yrke: Gruppeleiar i National
Oilwell i Kristiansand
■ Merittar: NM-bronse i
strongman i klasse minus 105
kilo i 2006