I beinvevet skjer det ein stadig oppbygging og nedbryting, såkalla remodellering av beinvev, som er bestemt av belastningen på beinvevet. Beinvev som blir belasta, styrkes ved osteogenese( nydannelse av beinvev), mens beinvev som ikkje blir belasta vil bli resorbert av osteoklaster. Visst nedbrytinga er sterkare enn oppbygginga vil resultatet bli eit svekka beinvev med tynnare beinbjelker og større holrom, såkalla osteoporose. Dette kan som sagt komme av liten fysisk aktivitet, mangel på kalsium og vitamin D, redusert østrogen hos kvinner etter menopaus, behandling med kortisol og andre steroide hormoner.
Etter mykje ståande, knebøy og anna trening som komprimerer ryggsøyla i vertikal retning vil vatn bli pressa ut av frå nucleus pulposus (ein del av mellomvirvelskiva) gjennom porene. Dette innebærer at nucleus pulposus vatn innhald er lavare på kvelden enn om morningen. Det vil då seie at mellomvirvelskivane er tynnare på kvelden enn på morningen. Ein ung person kan altså då bli 2 cm kortare på kvelden enn om morningen.
Om ei mellomvirvel skive utsettast for ei konstant vertikal belastning, er reduksjonen av mellomvirvelskivas tjukkleik eksponetiell (dvs at dehydrerings prosessen er proporsjonell mot nucleus pulposus volum). Når belastninga reduseres merkbart (til dømes om natta når ein sover), vil mellomvirvelskiva gå tilbake til sin opprinnelige tjukkleik (igjen eksponentiell). Om "restitusjonen" blir for kort eller belastninga er for stor kan mellomvirvelskiva ikkje gå tilbake til sin opprinnelige tjukkleik.