Vegde inn på 70.4! Har ein tendens til å gå ned i vekt når eg reiser og bur vekke, men vart svært overraska over at eg vog so lite.
Oppvarminga gjekk heilt greit. Formen føltes ikkje heilt på topp, men det er no sånn det pleier å vere når eg skal prestere.
Knebøy155 - Godkjent. Det var kjempelett. Gjekk ned heilt til Mr. Benkpress sa eg skulle løfte opp att for å vere sikker på godkjent dybde.
165 - Underkjent. Fekk ganske stramme knebind på dette løftet. Har berre prøvd knebind ein gang før, så det var ganske uvant. Eg kom frampå og sikrarane måtte ta vekta. Hadde eg trent meir med knebind før, skulle eg nok ha klart vekta lett. Var berre teknikken som svikta her.
Prøvde på 165 ein gang til, men det gjekk ikkje då heller. Tek det lett på neste stevne
Planen var å løfte 170 i knebøy. Hadde eg klart det hadde eg vore beste junior(var berre meg og ein til. hehe)
Benkpress85 - Godkjent. Lett. Er vel ikkje så mykje meir å seie.
90 - Godkjent. Gjekk ganske lett det og.
95 - Underkjent. Fekk stanga eit par centimeter opp. Har nok ein del å gå på teknikkmessig. Skal nok klare det lett på neste stevne
Markløft160 - Godkjent. Gjekk lett opp.
172.5 - Godkjent. Var litt tyngre, men det var ikkje noko problem å få det opp. Teknikken var sikkert ikkje noko særleg pen her.
180 - Godkjent! Fornøyd med denne. Teknikken var nok svært stygg, men vekta gjekk opp
Pers med 10 kg.
Samanlagt blei det 425kg. 10kg under NM-kravet.
Dette var mitt første offisielle stevne. Sidan eg var einaste deltakar i klassen min fekk eg ein fin medalje og eit diplom der navnet mitt var grovt feilstava. Det var utruleg morro å få vere med på eit skikkeleg stevne. Stor takk til Mr. Benkpress som hjalp alle oss nybegynnarane med knebind og gode løftetips! Takk til Dag Andre for oppmuntrande ord og herleg løfting! Vart nesten rørt då eg skjønte at han klarte norgesrekorden
Og takk til alle vennene mine som møtte opp for å sjå meg i trikot!
Alle løft var forresten uten utstyr. Brukte knebind i knebøyen. Fekk låne eit belte, men det var litt for stort