Skrevet av Emne: Ny råsterk Sunnfjording  (Lest 5926 ganger)

Utlogget Zuul

Ny råsterk Sunnfjording
« : 18. mars 2008, 08:54 »
Fjalerbu vart norgesmeister i strongman




STRONGMAN: – Det må vere noko i dei sunnfjordske genane, ler Nils Kjetil Sande (30). I helga vart
fjalerbuen norgesmeister i strongman for aller første
gong.


tekst RUNE FOSSUM

– Det gjekk veldig bra, konstaterer Sande. Han gjekk heilt til topps i klasse minus 105 kilo under Kristiansand Showlift Open. Stemnet var NM for denne klassen.
– Eg kan smykke meg med tittelen norgesmeister no. Veldig moro, humrar Sande.

Tek opp Sunnfjord-arven

Han tek dermed opp tradisjonen frå sterke sunnfjordingar som Stian Grimseth, Geir Grønnevik, Jørn Høyset og Alexander Kirketeig– berre for å nemne nokre som har herja i norgestoppen i styrkeidrettar dei siste ti åra.
– Det er mange frå Sunnfjord med gode genar. Og eg reknar meg framleis som fjalerbu – sjølv om eg har budd på Sørlandet i ti år, seier Sande.
Han er opphavleg frå Flekke, men er til dagleg gruppeleiar i firmaet National Oilwell i Kristiansand.

God allrounder

Stemnet i Kristiansand var det hittil største i norsk samanheng, med oppimot 50 påmelde deltakarar fordelt på tre klassar. Sande tok NM-tittelen etter å ha vunne samanlagt i øvingane viking press, farmers walk, dekkvelt og steinløft.
– Eg er eigentleg ikkje veldig god i nokre av øvingane, men jamt god i alle. Den einaste einskildøvinga
eg vann var steinløft, fortel 30-åringen. – Det viktige er å liggje i toppen av alle øvingane, forklarer
Sande.
Han har delteke i NM i strongman berre éin gong før. Det enda med bronse i 2006. Elles trenar han mest styrkeløft – utan å ha spesielle merittar å slå i bordet med.
– Eg skal vere med i NM i april. Men eg veit ikkje kva plassering eg kan håpe på, seier Sande.

Mykje trening for å vinne

Den siste tida har kraftkaren trent fem dagar i veka. Kvar økt er på mellom to og tre timar.
– Det er mykje trening. Men etter NM-gullet føler eg jo at det har vore verdt det, gliser Sande. – Eg trenar fordi det er moro. Elles kan eg berre kutte ut, meiner fjalerbuen.

PS: Helgas prestasjon i NM gjer at Sande er kvalifisert til å delta i Norges sterkaste mann 2008. Dette er ein konkurranse for dei 12 sterkaste mennene i Norge uavhengig av vekt. Sande skal med andre ord konkurrere mot folk som er nærmare 50 kilo tyngre enn han sjølv.
rune.fossum@firda.no

NM-GULLET
■ Dette var øvingane Nils Kjetil
Sande tok undervegs til NM-gullet
i strongman:
■ Viking press: Eit stativ på
105 kilo skal løftast flest mogleg
gongar over hovudet på 90
sekund.
■ Farmers walk: Deltakarane
skal gå lengst mogleg med 110
kilo i kvar hand. Løypa er på 30
meter med vending halvveges.
■ Dekkvelt: Tre dekk frå 270 til
400 kilo skal veltast to gongar
kvar – på kortast mogleg tid.
■ Atlassteinar: Fem runde
steinar skal løftast opp til eit
om lag 125 centimeter høgt
bord. Vekt på steinane: 100 –
110 – 130 – 140 – 150 kilo.

NILS KJETIL SANDE
■ Fødd: 6. juli 1977
■ Høgde/vekt: 182 centimeter/
107 kilo
■ Yrke: Gruppeleiar i National
Oilwell i Kristiansand
■ Merittar: NM-bronse i
strongman i klasse minus 105
kilo i 2006

Utlogget Kikki

  • V.I.P
  • *******
  • Innlegg: 6 551
  • Honnør: 1046
  • Utlogget Utlogget

  • Kjønn: Kvinne
  • Innlegg: 6 551

  • Cleverly disguised as an adult!
Sv: Ny råsterk Sunnfjording
« #1 : 18. mars 2008, 10:23 »
Veldig bra artikkel! Og kult bilde.  biggrin
Medlem av foreningen for Kvinner som vil at Menn skal se ut som Menn

Jeg er ikke den fineste jenta i verden. Og muligens ikke den smarteste. Jeg er sannsynligvis ikke den søteste heller. Den morsomste kan jeg ikke være. Er sikkert ikke den beste vennen/kjæresten en kan ha. Jeg er langt fra perfekt, MEN JEG ER JAGGU MEG SJELDEN!

Utlogget Apaco

  • Elite medlem
  • *******
  • Innlegg: 4 221
  • Honnør: 1356
  • Utlogget Utlogget

    Innlegg: 4 221

Sv: Ny råsterk Sunnfjording
« #2 : 18. mars 2008, 15:18 »
Tøff artikkel - fint å få litt fjes på disse nye navnene.

Eneste som var litt festlig er at han står presenteres som 107 kg når han er norgesmester i minus 105 Smiley
IRONCORE NUTRITION!

God Forgives, Brotherhood Doesn't.

Utlogget Zuul

Sv: Ny råsterk Sunnfjording
« #3 : 08. april 2008, 12:33 »
sikkert superslanka seg rett før:)

Gå til:  

Disse kosttilskuddene er glemt for mange, men som alle bør ta.

5 digge middager med cottage cheese

Kosthold09.08.2021270

Cottage cheese er blitt en svært populær matvare!
Det er en risiko forbundet med treningen og løftene man utfører
Det finnes så mange gode varianter av middagskaker enn bare karbonadekaker.

5 fordeler med stående leggpress

Trening28.06.202153

Det er mange fordeler med å trene leggene dine. Se her!