Skrevet av Emne: Slik skal Kirketeig løfte rekrutteringa  (Lest 16144 ganger)

Utlogget Zuul

Slik skal Kirketeig løfte rekrutteringa
« : 08. april 2008, 12:53 »




STERK: Alexander Kirketeig tek i eit tak for rekrutteringa innan styrkesporten. Bakarst frå venstre: Øivind Brennseth (22), Leikanger, Per-Alfred Leknessund frå Bergen, Alexander Lammetun (15), Førde, Kim-Andre
Blikås (17), Førde. Dei fem i midten: Lars Kilvik (18), Bergen, Yngve Apneseth (21), Naustdal, Eirik Nedrehagen (22) ,Sogndal, Jørn Høyseth (28), Eikefjorden/Bergen,


STYRKELØFT: Styrkeløftar Alexander Kirketeig frå Førde er utdanningsansvarleg i styrkeløftforbundet.
Saman med Jørn Høyset arrangerte han kurs i heimbyen denne helga.

ASGEIR ÅRDAL tekst og foto

Kirketeig er mest kjend for sine eigne sterke prestasjonar innan styrkesporten. Som utdanningsansvarleg
i forbundet sit han på nøkkelen på korleis løfte rekrutteringa til nye høgder.
– Dette kurset er eit  aktivitetsleiarkurs, og er det første trinnet på trenarstigen til styrkeløftarforbundet,
fortel han.
Han fortel at rekrutteringa nasjonalt gjekk gradvis nedover heilt fram til år 2000. No opplever styrkesporten ein oppsving, og Kirketeig merkar effekten også lokalt.
– Eg er framleis den einaste utøvaren frå Førde som nokon gong har delteke i junior-NM i styrkeløft. I år er det seks løftarar som kan gjere det same. Det er utruleg bra, seier han nøgd.
– Kvar er jentene?
– Ja, det kan du seie. Det er ofte slik det er i styrkesporten. Det blir rekna ti gutar for kvar jente. Men det er jo ingenting i vegen for at fleire jenter kan vere med, seier han.

Bidreg med erfaring

Styrkeløft-miljøet i Førde har dei siste åra vore fråverande.
– Men no er klubben på gong, og miljøet er byrja å byggje seg opp. Spesielt på juniorsida er det bra, med fleire ungdommar som kan delta på stemne i løpet av året.
Saman med Jørn Høyset som er regionstrenar, er det Kirketeig som sit med den største erfaringa i fylket. Denne røynsla vil dei dele med andre.
– Vår rolle er å gi dei tips, slik at dei ikkje gjere dei same fellene som vi har gjort. Her får dei erfaring
på eit tidleg tidspunkt i sin karriere, og vi får rettleia dei på vegen til det som kan bli ein framtidig karriere, seier han om dei unge løftarane frå fylket.

Første steg

Kirketeig har snart 15 års røynsle som styrkeløftar. Til dagleg studerer han idrett ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, og tykkjer det er kjekt å gje sporten noko tilbake.
– Deltakarane som var med her i helga, får alle A-kurs-bevis, noko som gjev dei moglegheita til å gå vidare på trenar-1-utdanninga, seier han.


Utlogget Egil Skallagrimsson

  • Ekstremt avhengig
  • ********
  • Innlegg: 17 784
  • Honnør: 4412
  • Utlogget Utlogget

  • Kjønn: Mann
  • Innlegg: 17 784

Sv: Slik skal Kirketeig løfte rekrutteringa
« #1 : 08. april 2008, 13:01 »
Gode greier alex!

Bra at folk gjer ting for andre! Smiley

Utlogget Mr Benkpress

  • Global Moderator
  • *****
  • Innlegg: 2 224
  • Honnør: 1010
  • Utlogget Utlogget

  • Kjønn: Mann
  • Innlegg: 2 224

  • Trying is the first step towards failure
Sv: Slik skal Kirketeig løfte rekrutteringa
« #2 : 08. april 2008, 15:39 »
Må få det med, at det var Jørn Høyseth som hadde hoved ansvaret for denne samlingen da han er regionstrener for Region vest. Dette kom ikkje klart nok fram i artikkelen synes eg.
Ellers må eg berømme Tor Emil Gjøringbø, som til dagen gjer ein kjempe jobb med dei unge utøverne i Klubben Tor Emil er ein ressurs som kjem til å gjere mykje godt for styrkeløft fremover både som utøver og trener..
"Alexander the Great,
His name struck fear into hearts of men,
Alexander the Great,
Became a god amongst mortal men."






Konkurrerende utøver i Styrkeløft.

Norgesmester!

Utlogget Zuul

Sv: Slik skal Kirketeig løfte rekrutteringa
« #3 : 08. april 2008, 15:39 »
og ikke minst er fyren sterk. Marker som faen Smiley

Gå til:  

Disse kosttilskuddene er glemt for mange, men som alle bør ta.

5 digge middager med cottage cheese

Kosthold09.08.2021270

Cottage cheese er blitt en svært populær matvare!
Det er en risiko forbundet med treningen og løftene man utfører
Det finnes så mange gode varianter av middagskaker enn bare karbonadekaker.

5 fordeler med stående leggpress

Trening28.06.202153

Det er mange fordeler med å trene leggene dine. Se her!