Marklyft frå kloss
5x107.5kg
4x117.5kg
2x4x125kg
2x4x135kg
Marklyft på kloss
5x90kg
2x4x100kg
2x4x105kg
Tungt idag, sleit på siste settet både frå kloss og ikkje minst på kloss.
Og då var eg ferdig med mengdetrening for denne gang, må takke Ivrig Pingle for programmet
Kjem til å nytte dette frammover når eg skal ha mengdetrening! :
Husker å ha sett ein plass at etter eit mengdeprogram kjennest forma dårleg ut, men ho er ganske god, og det merkar man fyrst når man byrjar på oppkjøringsprogrammet. Vel, for min del er forma no betre enn nokon gong, so eg gler meg stoirvegs til oppkjøring. Men fyrst vert det ei roleg veke.
Er enda ikkje sikker på kva eg skal stille oppkjøringa på, men er gankse sikker på at samanlagten vert 460 (kvalikkravet for NM). Hellar litt mot å satse på 155 - 105 - 200, det vert fylgjande auking frå noværande pers:
25 - 15 - 30. I bøyen var 130 ganske so tungt, men utan belte. Satsar på at når eg får trena litt med belte, so tenar eg nokre kilo der. Har også planar om å gå eit par kilo ned i vekt, noko som kan gi positivt utslag på bøyen. Benken er det eg er mest usikker på, men satsar på å ha 95 inne no, og so kjøre på hardt med triceps.
Marklyften satsar eg på skal gå bra. Persen på 170 vart sett med sko og utan belte, og var gankse so lett.
Mogleg at eg satsar noko høgt, men den som intet våger, intet vinner. Kan i naudstilfelle slengje på nokre knebind, og sikre kvalikken.