Mårn!
Var det for høg frekvens med for tung belastning på bøyen som gav utslaget på formsvikt? Ser at du trente eit "latvisk" bøyprogram? Eller for mange stevner med stadig oppkjøring?
Det virkar generelt som om vektløftarar går ein del høgare på % av maks på trening enn styrkeløftarane gjer + trenar meir. Det blir då fort at ein balanserar på ein knivsegg mtp restitusjon og skader.
Ein ting er uansett sikkert at det er i motbakke det går oppover! >

Hei!
Overtreninga har nok snike seg innpå gradvis over lang tid, dette blant anna fordi eg har vore dårleg til å lytte til kroppen og kutte øvingar og økter. Så ei av målsetningane no er å verte betre til dette, og til å ta det med ro etter stemner. Grunnen til at det smalt i låra på den siste økta på det Latviske knebøyprogrammet var at eg hadde for mange og tunge lyft elles i programmet.
Ja, det er stor skilnad på kor mykje treningsmengde som må til for å kome langt i vektlyfting og styrkelyft. Dette er fordi det er mange fleire komponentar som gjer seg gjeldande i vektlyfting. Så vi må ha eit høgare antal treningstimar og fleire lyft enn styrkelyftarar. Men når det gjeld belastninga i prosent så er ikkje eg sikker på at vi køyrer så mykje høgare enn styrkelyftarane, programmet som vart brukt under frekvensprosjektet til styrkelyftarane låg relativt høgt på prosent. Men dette varierar sjølvsagt frå program til program
Ein skal helst balansere, men ikkje dette over på feil side

Hehe, likte den kommentaren der!