Egil Berli-Johnsen

Intervju19.11.2008John Amund Skår1

Egil Berli-Johnsen er en stor ressurs i strongmannorge og på Treningsforum. Hvem er egentlig Egil?

Alder: 31 harde vintrar

Vekt: 121 kg i skrivande og etande stund

Høgde: Trur eg har hoppa høgare enn halvannan meter ein gong, men då vog eg halvparten av kva eg gjer no. Og så ragar eg ein meter og åttisju centimeter over bakken.

Interesser: Musikk, gitarspilling, mekking av utstyr, støyping og utearbeide heime.

Noko meir du vil seie om desse interessene?

Eg trivs veldig med å pusle med ting. Klippe gras og plukke stein, male hus og vaske bil. Eg likar å gjere klar former og lage betong og så støype atlassteinar. Ein enkel bondegut veit du.

Yrke: Eg er nett utdanna som fengselsbetjent, og har vel ei stilling som ventar på meg her i fengselet heime. Jobbar likevel i Ironcore Nutrition, som kjem for fullt i Noreg no. Berre ei lita stilling i Ironcore, vel og merke.

Sivilstatus: Eg er lukkeleg gift... seier kona mi her ho sit attmed meg.


Og so nokre spørsmål meir retta mot trening:

Kva sport konkurrerar du i?

Eg konkurrerar i Strongman.

Og er det nokre sportar du har vore med på før?

Har dreve med styrkelyft og då eg var ung trena eg friidrett og litt med vekter.

Kvifor slutta du med styrkelyft?

Eg byrja med Styrkelyft i 2004, og konkurrerte fram til NM 2007. Eg var ein god utstyrslyftar, men er så høg at eg raskt vog meir enn eg burde med tanke på konkurranse på Wilks poeng. Eg var vel nummer 12-15 på rankingen i mi vektklasse. Ikkje godt nok til noko som helst.
Eg var aktiv i klubben, tok trenarkurs og var ei tid formann. På grunn av konfliktar og surmuling i forbund og blant meg og folk eg krangla med, så trekte eg meg sakte ut av heile balletten.

Har du nokre personlege rekordar å skryte av?

220 i raw knebøyg, 160 i rawbenk, 270 i rawmark. Har og løfta 160 kilos atlasstein og har gått med 410 kg i Yoke.

Kva gleder/fordelar finn du med den sporten du driv med?

Gleda med å være strongman er at konkurrentane mine ringjer og spør korleis eg har det. Dei bryr seg både fordi dei er kompisar, men også fordi dei vil vite kor ein ligg an i forhold til kvarandre. På konkurransar er det alltid venskapen og moroa som bind gjengen saman, og så er kjempinga på sia av og i tillegg til.

Kva irritasjonsmoment/ulemper ser du i den sporten du driv med?

Irritasjonsmomentet må være at ein aldri er sterk nok. Og at det fins så mange sterke folk med betre genar der ute. Eg byrja til dømes å trena med vekter same året som Carl Yngvar Christensen blei fødd. For halvanna år sidan var eg sterkare enn han. No tek han verdsrekordar. That's why I hate genetics..

Du har og ein del sertifikat for å dømme omlag alle moglege styrkesportar. Kvifor?

Her er det mange grunnar.
1. Eg er ikkje god nok til å delta i alt sjølv, så gjennom dømming, så kan eg bidra likevel, og være i sentrum der ting skjer.
2. Eg har vist ein evne til å sjå dei viktige og rette tinga, difor er det betre å engasjere seg på dømming og arrangering om det er der eg har mitt talent.
3. Eg trivs med å coache og hjelpe andre. Ved å være dommar og arrangør, so får eg eit betre inntrykk av kva som krevjast i dei forskjellige sportane. Då blir eg ein betre coach og utøvar sjølv også.

Held du ein fast diett?

Ja, opptil fleire diettar samtidig.
Eg har prøvd Høgprotein diett samtidig med høgkarbo. Eg har prøvd Anabolic Diet saman med oppkarbing før stemne. Og så har eg prøvd See Food Dietten. "If I see food, I eat it..."
Akkurat no et eg mykje fett og protein, og lite karb. Ingen snop, ingen alkohol og ingen brus.

Kva var det som fekk deg til å starte med styrketrening?

Han som eg no ser på som ein av mine argaste uvenar, var ein gong han som inspirerte meg til å byrje med styrkeløft. Han kunne vore ein fantastisk trenar og motivator om vi ikkje hadde vore på to forskjellige planetar.

Kva fikk deg til å satse på strongman?

Eg har alltid likt strongman. Då eg prøvde første gong, så lyktast eg betre med det enn eg lyktast i styrkeløft. Så i tillegg til at det er artigare, og menneska som er involverte er fine menneske, så passer det meg betre reint fysisk også.

Egil lyftar stein med haka.
"Det er Hardcore. Det er strongman, og det er vondt"


Har du nokre tips til nybyrjarar som vil hevde seg innan strongman?

Hevde seg? Hevde seg er vanskeleg. Ein nybyrjar har likevel større sjans enn meg, for eg byrja då eg var 28 år. Det beste rådet er å ha god tid. Svend Karlsen si karriere byrja då han var 30 år, og då hadde han 10 år i toppen. Legg opp treninga di eit år fram i tid, og tenk gjerne 5 år frem i tid. Dersom du ikkje er klar for å investera 10 år, så vil du nok ikkje hevda deg.

Og nokre tips til nybyrjarar som berre er ute etter å verte sterkast mogleg?

Ikkje røyk og snus
Ikkje hasj, amfetamin og annan narkotika
Ikkje alkohol
Drikk vatn
Spis mat
Sov godt
Tren variert
Tren tungt

Og til sist: Kva føretrekk du av nynorsk og bokmål?

Eg trivs best med å skrive bokmål, men eg har ingen problem med å gjera eit forsøk på den gamle kvasinynorsken min. Når eg no les gjennom svara mine, trur eg at Noregs mållag vil leie ein leiemordar til å ta meg.

 


Svend Karlsen har fått ny nyre

Strongman17.02.200913

Operasjonen er vellykket! Strongmanildsjel Egil Berli-Johnsen er donor.

Kommer snart...

01.01.19700

Kommer snart...

01.01.19700

Kommer snart...

01.01.19700

Svend Karlsen har fått ny nyre

Strongman17.02.200913

Disse kosttilskuddene er glemt for mange, men som alle bør ta.

5 digge middager med cottage cheese

Kosthold09.08.2021270

Cottage cheese er blitt en svært populær matvare!
Det er en risiko forbundet med treningen og løftene man utfører
Det finnes så mange gode varianter av middagskaker enn bare karbonadekaker.

5 fordeler med stående leggpress

Trening28.06.202153

Det er mange fordeler med å trene leggene dine. Se her!