Hei takk for programmet, men kan du fortelle meg hva de forsjellige øvelsene heter, siden jeg er ganske ny til spenst trening=P
Det der var ikkje eit program, men heller eit pent øvingsutval som kan hjelpe deg å auke spensten. Personleg foretrekk eg å bruke vending som den ultimate øvinga for spenst og eksplosivitet. Etter kva eg har erfaring med, er det ei øving som vil gje fantastisk god aukning i spenst og eksplosivitet, og gje betre resultat i bortimot alle eksplosive idrettsgreiner.
Anbefaler deg då å lese gjennom den artikkelen her:
http://www.t-nation.com/readTopic.do?id=1014931 Vending er (svært) kort oppsummert eit spensthopp med vekter, og sidan det er ei eksplosiv øving bør ein ha eit lavt repsantal for å unngå utmatting og redusert eksplosivitet i utførelsen. Sjølv slit eg litt med ein kneskade for tida, så eg trener eindel rykk, der eg må bruke lettare vekter, når eg begynn med vending igjen tenkjer eg å ha samme opplegg som på rykk, der eg trener 2*5, 3*3.
Det var då eit eksempel på korleis du kan legge opp ei økt med vending.
Elles kan eg anbefale trappespenst på det varmaste, og opplegget eg og ein treninggskamerat bruker når det blir trent, er i bunn og grunn ganske enkelt: Finn ei lang og fin trapp, hopp så mange trinn som du greier i kvart hopp. Og hopp opp heile trappa, gå nedover som pause, hopp f.eks 150 hopp, og auk progresivt frå det antalet frå trening til trening. bruk to bein, hink, varier eindel. Etter eindel hopp (100+) har antal steg eg har kunne tatt i eit hopp auka vesentleg, noko som kan komme av ei auking i nervesystemkapasiteten.