Ja, Bondarchuk kjenner eg godt til. No er eg ikkje heime, så eg har ikkje hans "Transfer of training" med meg. Men etter det eg hugsar, so er det rett: Styrkeøvingar som bøy, mark, rykk og benkpress verkar, heilt til kastaren når eit visst nivå. Etter kva eg hugsar, er benkpress den styrkeøvinga som har positiv korrelasjon til framgang i kast øvinga lengst for kule, der framgang i benk heng saman med framgang i kule heilt fram til kulestøytaren er god for 19 meter. Benk verkar òg fram til 65 meter i diskos. For sleggjekastarar er det frivending som verkar lengst, øvinga har positiv korrelasjon med framgang i sleggje heilt fram til 70 meter. Eg trur eg hugsar tabellane rett no, men eg har altså ikkje boka med meg.
Sedykh (som Dr. B. var trenar for.) kasta mykje lett og tung sleggje, noko som "aldri" sluttar å verka. Sleggjekastarane til Bondarchuk kasta med full rørsle med sleggjer frå 4 til 16 kilo. Lettare og tyngre vekter (heilt oppi 32 kg kettlebell) vart bruka til deløvingar.
Dei gjorde òg mykje dreieøvingar og faktisk "roterande rykk"! Men alltid dynamisk, raskt for repetisjonar, aldri for maks.
Forskning på interferens? Det lyt eg røkje etter. Men for å seia det slik: Kvifor fær ikkje amerikanarane fram sleggjekastarar? Walter Henning og Connor mcCullough var best i verda i sine årsklassar då dei var tenåringar, Kvifor har dei stagnert no? Av di dei trenar for mykje vektkast. Vekta er for tung og kort, ho oppfører seg ikkje som sleggja. Gutane fær aldri den timinga og teknikken som er naudsynleg for å kast sleggje rettleg.