Vis innlegg
Sider:
  • 1
  • ...
  • 160
  • 161
  • 2401  Trening / Styrkeløft / Re:Nye vektklassar? på: 15. mai 2003, 20:11
    Er einig at ditt/forbundet sitt forslag er betre enn mitt. Men eg hadde von om at vi kunne kutte ned noko meir i talet på klassar. Kva er argumenta til motstandarane bold - eg har problem med å sjå dei.

    Men ei omlegging måtte vere ledd i ein medviten plan - der det også blir sett på andre faktorar.

    Hadde vore kjekt å høyrt kva for tiltak/grep folk kan tenkje seg for å gjere styrekløft til ein meir spanande idrett - eller kva seier du bold - som vel har ein snart 30 års fartstid i vår høgt elska idrett?

    Står vi ikkje på mange måtar føre eit vegskille...?

    Djupe bøy frå listefyll Wink
    2402  Trening / Styrkeløft / Re:Utbytte av utstyr på: 15. mai 2003, 15:24
    Heisann Bamsebjørn!

    Du skal no ikkje klage så mykje på utellinga på utstyret -60 til 70 kg er bra det. Det første du kan gjere er å kvitte deg med Inzer drakta - duger ikkje som pressening ein gong. Utvidar seg fleire cm for kvar gong du brukar ho. Mi Inzer-drakt vart 7 cm lengre og 3 til fire cm vidare etter kort tids bruk - juks og bedrag - spesielt når ein tenkar på prisen. Har no ei spesialsydd (frå fabrikk) Tiatan NXG+ drakt - den vidaste drakta som eg nokon gong har hatt - og den klart beste. Trong drakt betyr ikkje alltid meir kilo. Eg har brukt mykje rart og kan presentere følgjande eksempel:

    - Marathon - utan utstyr: 175 * 3 med ustyr 230
    - Inzer - utan utstyr 180 * 3 med utstyr 227,5
    - Titan - utan utstyr 180 * 3 med utstyr 237,5 kg

    Alle resultat i 82,5 kg klassa.

    Sidan eg kjenner deg BamseBjørn - så er mitt som eg alltid har sagt til deg - utfordringa for deg er først og fremst grunnstyrken i bøy - der har du ein jobb å gjere.

    Djupe bøy frå listefyll Wink
    2403  Trening / Styrkeløft / Re:Hvor ble det av Lars Noren? på: 14. mai 2003, 23:04
    Det var heller dårleg deltaking i årets EM - mange slanke klassar. Du hadde jo blitt minst nummer 10 Jan i minus 100-kg klassa. Men benkskjorte hadde du vel blitt nummer ni...

    Djupe bøy frå listefyll Wink
    2404  Trening / Styrkeløft / Nye vektklassar? på: 14. mai 2003, 22:58
    Kva skjer i høve til nye vektklassar i styrkeløft? Eg har høyrt fleire gonger dei siste åra at det er omkalfatringar rett rundt hjørnet? Men ingenting skjer...

    Mitt forslag:

    MENN:

    54 kg - 61 kg - 73 kg - 85 kg - 97 kg - 115 kg - pluss 115 kg

    Sju klassar mot dagens ellve.


    KVINNER:

    47 KG - 54 KG - 61 KG - 73 KG - 85 KG - 97 KG - pluss 97 kg  

    Sju klassar mot dagens ni.

    Djupe bøy frå listefyll Wink
    2405  Trening / Styrkeløft / Re:Hvor ble det av Lars Noren? på: 14. mai 2003, 22:43
    Når vi først snakkar om sakna personar. Kvar er Andrei Tarasenko - den russiske raketten med gulltenna i minus 90-kg klassa. Kan ikkje sjå at han har vore med på noko sidan EM 2002?
    2406  Trening / Styrkeløft / Manglande kunnskap/profesjonalitet i bruk av utstyr på: 11. mai 2003, 00:17
    Kjære Styrkeløftvenar...

    Diskusjonen om bruk av benkskjorta har på mange måtar nådd eit paradigmeskifte. Sjølv dei mest svorne motstandarane av benskjorta er no på gli. Argumenta på begge sider er gode. Mykje av orsaka til at tvilarane og tidlegare motstandarar no er på gli er nok basert på det noko bisarre avviket og konkurransehemminga i internasjonale konkurransar. Prøv å forklare for ein utanforståande kvifor vi brukar anna utstyr nasjonalt enn internasjonalt - noko som gjer at vi tapar mange kilo. Eg har prøvd.

    Det norske forbudet er jo ganske eksepsjonelt. Det blir nesten som å leggje ned veto mot klappskeisser i nasjonale konkurransar. Men argumenta mot skjorta er mange og velkjente - og også gode. Eg er sjølv ein tvilar.

    Det er ikkje tvil om at våre internasjonale løftarar taper stort på dei nasjonale reglane. Eg har snakka med fleire av dei som var med i Nordisk Benk - dei kunne fortelje at både utanlandske dommarar og deltakarar nærast flirte av dei urøynde norske utøvarane. Dei vart ikkje berre "avslørt" i praktisk bruk av skjorta - det skorta  på utføring, tilpassing og faktisk resultat.

    Eit konkret eksempel: Nils Stærkjær (Danmark) løfta 300 kg på Nordisk - rekorden utan skjorte er 255 kg. Kjell Furesund (Noreg) løfta 250 kg på Nordisk - rekorden utan skjorte er 240 kg.

    Rykta seier at ein utøvar som Midote hentar utrulege 80 kg på drakta.

    Men stoppar ikkje der. Enkelte av våre beste utøvarar og leiarar verkar å ha eit avslappa forhold til bruk av utstyr generelt - eg tenkjer då på treningsrutiner, spesialtilpassa utstyr, fabrikk-kontakt og tilpassing av teknikk.

    Det betyr ikkje at dei er useriøse, men at det er eit "nedprioritert" punkt på lista over suksessfaktorar.
    Eg må på mange måtar seie at eg er ein av dei.
    I min amatørkvardag har slike tankar herska.


    Mange utøvarar trenar sjeldan med utstyr og det å vere opptatt av utstyr og tilpassing av bruken i høve til trening blir nærast sett ned på. Nesten Noregsmeistar (som dog er Noregsmeistar allereie).... og enkelte andre er no i gang med å bryte denne trenda - det er positivt. "Marathon-sjuka" ramma oss alt for lenge.

    Vi ser at nettopp det å vere i front i utvklinga av utstyr er avgjerande for suksess i idretten - ein kan for eksempel nemne skyteprosjektet til skisyttarane og gliprosjekta til langrennslauparane. No er hopparane i gong med eit prosjekt i høve til hoppdressar og aerodynamikk. Eksempla er uendelege.

    Mitt poeng er at på mange måtar har slik tankar vore fråverande og nærast sett ned på av mange sentrale personar i Styrkeløft-Noreg (som eigentleg ønskjer å fjerne alt utstyr), og eg sit med ei kjensle av vi ligg på etterskudd i høve til våre utanlandske konkurrentar.

    Djupe bøy frå listefyll
    Sider:
  • 1
  • ...
  • 160
  • 161
  • Disse kosttilskuddene er glemt for mange, men som alle bør ta.

    5 digge middager med cottage cheese

    Kosthold09.08.2021270

    Cottage cheese er blitt en svært populær matvare!
    Det er en risiko forbundet med treningen og løftene man utfører
    Det finnes så mange gode varianter av middagskaker enn bare karbonadekaker.

    5 fordeler med stående leggpress

    Trening28.06.202153

    Det er mange fordeler med å trene leggene dine. Se her!