Altså, om du trenar 5x5 Stronglifts, so er det eitt komplett heilkroppsprogram. Det trenar allereie alle musklane i kroppen, so du treng ikkje leggje til noko i programmet. Forresten, etterkvart som du blir sterkare blir det fort meir enn nok å trene etter programmet lell. Hugs at det er sett opp og prøvd ut av ekspertar. Eg vil ikkje rå deg til å gjera endringar i slike program føre du har mykje erfaring.
Elles, om du har tenkt deg å gå opp ivekt, so er korkje spinning eller steady-state springing noko å tilrå. Når såg du sist ein velbygd langdistanselaupar? Det er ikkje dumt å trene litt uthaldstrening lell då, men det finst mykje fint i intervall. Tabatha på romaskin eller spinningsykkel er bra. Motbakkesprint, det elskar eg å hata: Bratt motbakke, 50 - 80 meter, sprint opp, gå ned. Gjentak 6-10 gonger ellertil du ikkje greier å sprinte heilt opp lenger.
Elles lyt du få i deg mat, tilrådd er omlag to gram protein per kilo kroppsmasse per dag. Du treng fett òg, olivenolje (helst jomfruolje), nøtter, kokosmjølk og feit fisk er bra. Mjølk og mjølkprodukt hjelper deg å få i deg båe protein og fett. Elles bør du ete karbohydrat frå grønsaker, grovbraud, ris og potet. Helst ikkje noko serleg med raffinert sukker, det er greitt at du vil opp i vekt, men du vil ikkje at det skal øydeleggje helsa di.
Sjå over det kosthaldet du har no, legg til proteinar til du når tilrådd dose, tak vekk alt raffinert sukker og sett inn andre karbohydrat i staden, et ein neve nøtter til kvart måltid og legg til ein desiliter olivenolje til kvart varme måltid. Det blir so lite ekstra kvar gong at du ikkje merker det, men gjenom dagen gjer det stor skilnad.