FUNKSJON I FOKUS:
I dag har eg vore i Åsane, og helst på han eg har likt å kalle ryggmannen, men som eg no heller vil kalle kroppsmannen, for han har peiling på heile sulamitten!
Det byrja med at han tok bilete av kroppen frå alle sider, før eg fekk leksjonar om alt frå topp til tå, og informasjon om korleis dei forskjellige delane av kroppen påverkar kvarandre. Det vart ufatteleg mykje informasjon på kort tid, men eg forsøkte å få med meg så mykje som mogleg.
Eg har lenge tenkt på at det hadde vore veldig digg å ha med seg folk på trening, som kunne retta på kvar minste ting, og sei kva som måtte til for å retta det. Det var omtrent sånn det føltes ut då vi byrja med litt øvingar der ute. Eg viste han korleis eg pleier å trene knebøy, og rett før eg kom ned i parallell stoppa han meg, og viste meg kva delar som burde vore aktivert, men som ikkje var det.
Eg forklarte og korleis eg pleier å ta militærpress; då berre smilte han og rista på hovudet før han fortsatte å forklare, og då eg nemde at eg prøvde å jamna ut styrken i høgre/venstre bein fortalde han meg at det kom ikkje til å gå, før meir informasjon kom susande i mi retning.
Grovt oppsummert var dette dei store tinga han peikte på:
- Hofta er skeiv: venstre side er høgare, og "tippar" meir framover enn høgre side.
- Skuldrene sit ikkje "like høgt" på kroppen, og dei er litt framoverlent.
- Høgre ryggstrekkar er omtrent ikkjeeksisterande, sidan eg ikkje har klart å aktivera den skikkeleg under øvingane.
No blir det å dagleg utføra ein del øvingar eg fekk av han, før eg skal ut til ein ny konsultasjon om 15 dagar. Styrketreninga blir minimal framover, så eg blir vel å finna på "godrommet" på Vektertorget; liggjande på ei matta, evnt ståande innttil veggen medan eg svingar overkroppen frå side til side, og så får vi ta tida til hjelp, og sjå når vi kan byrje å løfte att.