Referat frå Norges sterkeste mann 201426 stk stilte til kvalikk:
120kg apollonsDelt 4 plass. Merket under oppvarminga at eg var i form. Var småforkjøla men det skulle ikkje hindre meg. Hadde tatt 7 rep på 54 sek og prøvde meg på nr 8, men bomma på vendinga. Ekstremt fornøgd med 7 sidan det var målet og eg viste at mange var gode for 6.
120kg*2 farmers walk16 plass. Dette er min værste øvelse. Går lett og greit, men grepet er for dårleg. Viste eg kom til å måtte gi alt her for å ikkje tape for mange poeng. Greit fornøgd her, men grepet skal ikkje bli min svakhet neste sesong! Mykje grepstrening framover samt massasje og rulling av dei stramme underarmene.
Dekk 400kg11 plass. Såg at dekket eg fikk var litt dårlegare grep på enn det andre, men eg var så forusert at ingenting skulle øydelegge for meg! Ikkje heilt fornøgd med flippa, men fikk ei grei tid.
Fikk delt 10 plass og målet var nådd
Finalen:
MedleyVeldig fornøgd her. Føler ein av fordelene eg har i springeøvelser er at eg er kjapp imellom platning og tilbake. Der henta eg litt tid. Førnøgd med å komme imål og slo Vidar som eg gjekk ut mot.
Vikingpress 140kgI år hadde dei flytta vektene lenger fram på stativet så dette gjorde til at det vart tyngre enn ifjor. Merket på fyrste rep at dette var tungt. Greit fornøgd med 5 rep. Etterpå sa Øyvind til meg at føttna mine sto feil i forhold til tidligere. Og eg burde pressa direkte og ikkje stoppa i bunn. Dette viste eg før eg gjekk ut, men surra det litt til.
250kg apollonsbøyDette vart den store utfordringen. Eg viste 1 rep kunne gå, men fikk ikkje trent med stativ eller vanleg bøy siste 4 veker pga skade. Surra binda sjølv og ville gjere som på trening. Ikkje vits å finne på nye "smarte" ting rett før ein skal løfte. La stanga litt feil på ryggen og kom dårleg ut. Ville ikkje racke den igjen for å miste for mykje fokus så prøvde flytte litt på den før eg gjekk ned. Veldig ubehagelig og gå ned på denne måten. Fikk litt fart på stanga opp igjen, men så rulla den fram mot nakken og det var over. Rett og slett ikkje godt nok. Trur litt av grunnen var at eg måtte presse hendene ekstra langt inn mot kroppen for å ikkje klemme hendene på veg ned. Dette gjorde til at eg ikkje fikk lagt stanga skikkeleg lowbar. Men her må styrken opp!
Loading 4stk 100kg sandsekkerFikk beskjed om at sekkene var litt tyngre pga vann. Eg og Solvang vart enige om å kun ha litt magnesium på hendene sidan dei var såpass våte. Det fungerte bra. Fikk ei grei tid der og fornøgd med å fullføre øvelsene uten å bli kun "listefyll".
Enda på 10 plass av 12.
Dette var ei ekstremt morsom helg. Følte eg måtte takke Egil, PG og gjengen for ein fantastisk jobb dei gjorde. Fikk mange fine tilbakemeldinger som gir blod på tann til neste år. Men ser kva eg må trene på framover. Hovedsakeleg grep og grunnstyrke. Følte eg lærte mykje av å få konkurrere i helgen. Det eg er mest fornøgd med er at psyken var på plass. Eg hadde bestemt meg i forvegen korleis øvelsane skulle utførast og alt eg gjekk etter planen. Det er ekstremt kult og det gir meg ein god følelse vidare. Psyken gjorde meg til finalist denne gongen da det sikkert var fleire som var sterkare enn meg på kvalikken. No blir det lite logging dei neste vekene sidan eg skal ta ting litt roligere og få la kroppen henta seg inn igjen. Føler hode og kropp trenger litt pause før ny plan og nye mål kjem.