Thor Henning drøymer om pallplass i VM
ÅRDAL: – VM hadde vore gromt! Å få delta der hadde vore utruleg tøft. Men først vil Thor Henning Heggestad setja ny noregsrekord. Det kan skje allereie til helga.
MUSKELBUNT: Thor Henning Heggestad er laurdag klar for NM i benkpress i Moss. Der håper han både å setja noregsrekord og ta medalje. Deretter er VM-deltaking og pallplass målet. (Foto: Kjell Eldegard)
Av: Trond Roger Nydal trond.roger.nydalsognavis.no
Laurdag er vektløftaren Thor Henning Heggestad klar for NM i benkpress i Moss. Der har 31-åringen frå Veitastrond store ambisjonar med vekt-stonga. Håpet er å matcha noregsrekorden i open klasse. Men då må muskelbunten pressa 220 kilo opp frå stativet, ned på brystkassa og tilbake igjen.
– Eg håper å kunne løfta opp mot noregsrekorden. Eg har pers på 232,5 kilo, men det var på trening samtidig som eg var over vektklassa mi, fortel 31-åringen.
Skilnad på trening og konkurranse
Heggestad konkurrerer i open klasse i aldersklassa 23–40. Det betyr at pila må peika ein stad mellom 82,6 og 90 kilo når han skal vegast inn laurdag. I den vektklassa ventar hard konkurranse. Ti til tolv deltakarar stiller på benken, og særleg to av dei kan bli ei vanskeleg nøtt å knekkja.
– To av dei i mi klasse var nyleg med i EM i Frankerike. Ein av dei kom på 7. plass der, men det er vanskeleg å vita nivået på dei akkurat den dagen.
Men med gode resultat på trening i det siste ser ikkje Heggestad vekk ifrå at det kan bli både rekord og medalje under NM. Hydro-tapparen er likevel klar på at gode løft på trening ikkje er einstydande med gode resultat i konkurranse.
– Det er i verre i konkurransar. Då sit tre dommarar og dømmer løfta. Ein skal verken løfta på rumpa eller løfta skeivt. På brystkassa skal det vera markert stopp. På trening likar ein å kjenna på tyngre vekter, og då løftar ein gjerne ikkje godkjent, forklarer veitastrendingen.
Nedtur i fjor
Heggestad set likevel litt lit til treningsresultata. Forma skal nemleg vera i rute.
– Eg har vore i bra slag siste tida og køyrt program med skikkeleg kosthald og mykje protein. Eg har persa fleire gonger fram mot NM og var oppe på 250 i benken for fjorten dagar sidan. Eg håper difor å vera med og kjempa om gullet, seier benkpresspesialisten som har trent sidan 1989. Han har likevel ikkje nokon medaljar på seniornivå å visa til. Fjorårets NM vart ein nedtur med null godkjende løft, og Heggestad er difor sugen på revansje.
– Eg må prøva å revansjera det. Innsatsen i fjor var skuffande, særleg med tanke på at eg sette noregsrekord berre to månader før NM. Men det var i ei lågare vektklasse, så kanskje eg skulle gått ned igjen for no står ikkje den rekorden lenger, smiler 31-åringen som er busett i Øvre Årdal. Men for ein vektløftar er ikkje det noko alternativ. I den sporten er målet heile tida eit å pressa endå fleire kilo til værs.
– Det er lett for at det blir slik. Ein konkurrerer meir mot seg sjølv og vekta. Så lenge eg greier å persa meg sjølv er eg fornøgd. Om nokon slår meg, må eg berre godta det.
Trass sytten år med blodslit, Heggestad tenkjer ikkje tanken om å la vektstonga få liggja i fred for godt.
– Så lenge eg ikkje kjenner noko ilt, kroppen fungerer og det er moro, kjem eg til å halda fram treninga. Eg konkurrerer litt med treningskameratar og har det voldsomt sosialt på stemner med folk som likar same galskapen. På internett er det mange forum der ein kan følgja med på treningsloggane til konkurrentane
Dersom Heggestad greier 220 kilo i Moss, er EM-kravet allereie inne. Kraftkaren siktar derimot endå høgare.
– VM hadde vore gromt. Det hadde vore utruleg tøft. Ei pallplassering i eit VM hadde vore moro. Eg bør kunna klare det, seier Heggestad full av iver og viser til at i vektløftarbransjen er ein først på topp når ein nærmar seg 40-årsalderen.
Norsk rekord til Thor Henning
REKORD: Tor Henning Heggestad sette norsk rekord under NM i benkpress.
ÅRDAL: Thor Henning Heggestad beit godt frå seg under NM i benkpress i Moss laurdag. 240 kilo på vektstonga i tredje løftet, resulterte i norsk rekord i 90-kilosklassa.
Av: Kjell Eldegard
kjell.eldegard@sognavis.no – Eg er godt nøgd med det eg fekk til laurdag. Og det er ein god inspirasjon til vidare satsing på styrkeløft, seier den nybakte rekordhaldaren, som løfter for Veitastrond IL.
For Thor Henning sine løft i Moss laurdag, var den norske rekorden i klassen hans på 220 kilo, ei vekt 31-åringen frå Veitastrond passerte med 12,5 kilo alt i det første løftet laurdag.