Felles Opptak og Seleksjon for BefalSkule er no vel gjennomført og har no fått plass på "Gjennomgående Sjøkrigsskole". Fos besto av 2,5 vekers seleksjonsperiode.
Fyrste vekabesto av informering og testing i 3000m og i styrketestar; pushups, situps og pullups.
Resultat:3000m: 10:42 min.
Pullups: 14 stk - Karakter 6
Pushups: 34 stk - Karakter 4
Situps: 34 stk - Karakter 3
Andre veka besto av feltøving med "caser" der ein fekk vist sine ledareigenskapar og personligheit.
Før denne veka vart alle som ikkje klarte minstekrava på styrke og 3000m sendt heim.
Denne veka besto også av lite mat og søvn. Gjennomsnittlig søvn pr døgn var nok i underkant av 5 timar.
Maten besto av sokalla "FR" - feltrasjonar. Fekk ikkje mat kvar dag so var ofte ihælsvolten :p Vi masjerte med full pakning på rundt 20kg på ryggen. Totalt antall kilometer er eg usikker på men kan tenke meg at vi masjerte totalt ca 50 km på dei 10 dagane feltveka varte
Dagane etter tilbakekomst til Kjevik Skulesenter etter felten gjekk med til innlevering av noko utstyr, samt oppstilling og informasjon om kven som kom vidare
I tillegg fekk vi ein fridag i Kristiansand, den gjorde godt. Spiste masse og kosa oss fortjent i sola. Siste dagen for vi til Stavanger for å verte innlosjert på Madla Militærleir. Der vil eg gå befalsskule no til jul, før eg deretter fortsetter i Bergen i 3,5 år til. Byrjar på skule att 25. juli.
Grunna skule og lite fri, samt usikkerheit ang. treningslokale er eg no ikkje sikker på kor mykje eg får trent på fritida, men skal nok ikkje vere noko problem å holde kondisen ved like i militæret isofall