Mandag 26.12.16
SKADE HØGRE KNE
Var med på cup i fotball i dag. Etter 4 min innefotball kjente eg noke i kneet. De kjentest ut som ei slags "låsning". Det var litt ildt å gå med det same, og slik fortsette det vidare utover dagen. I periodar gikk det fint å gå - mens plutselig fekk eg låsingar i kneleddet. Etter kvart kjente eg etter kva det kunne vere, og kjente eit lite, laust legeme. Eg trur dette "flyttar" seg rundt i kneet og skapar irritasjonar i ledd og sener. Det er vondast ved endring av måte eg bøyer kneleddet på, eksempelvis dersom eg går i trapper, og deretter skal gå på flatt dekke. Då kan "legemet" flytte seg til ein vond plass og forårsake "låsing". Dette kan likevel gå like raskt over som det kom. Eg går og på ein haltande måte.
Dagen etter hendelsen er situasjonen ganske lik som den var same dag det skjedde. Kneleddet er meget stivt, spesielt bak i knehasen. Låsingar skjer ikkje so ofte, men det skjer fortsatt. Kneleddet blir stivare og stivare dess meir eg brukar kneet.
To dagar etter hendelsen prøvar eg meg på jobb, men måtte gå heim etter store smerter pga låsing. Det "knekke" og litt i kneet.
Vidare utpå ettermiddagen kjennest det beire ut. Eg har vore ein tur til legen der vi avtalar å vente eit par veker før vi bestiller eventuell MR. Han syns eg er varmare på høgre kne på innsida. Prøvde også å framprovosere låsing, men det gjekk ikkje.
Har ikkje hatt låsing etter dette, og vidare utover kvelden. Eg føler hevelsen i knehasen har gått noke ned, og det er meir behagelig å gå.
Skal prøve på meg på jobb i måra - skal ta det med ro, men håpar det går oppover. Går fortsatt på ein haltande måte.
Oppdaterar situasjonen etter kvart.