Eg held også på med ei Høgskuleoppgåve om styrkeløft, og har eit par spørsmål.
Eg såg artikkelen om forsøka som blei gjort ved OL i Mexico By
http://www.muscletalk.co.uk/article-olympic-lifting.aspder utøvarane i vektløfting hoppa høgare enn høgdehopparane og sprang raskare på 25meter enn sprintarane, og dessuten artikkelen som viste at vektløftarane knuste mange av styrkeløftarane.
Spørsmålet er då om det kan vere lurt å legge inn eksplosive øvelsar som frivending. Kva tankar har de om dette?
Vidare, kva er synet på nytten av anaerob utholdenheit? Det kan vere hektisk for kroppen å gjere mange tunge løft etter kvarandre, og då kan det vere at det anaerobe alaktiske systemet, og det laktiske vil ha nytte av at ein gjer kortintervall ala Tabata 1-2 gonger pr veke (20 sekunds intervall 175 % maks 10 sek pause 8 reps) I et forsøk over 5 veker på idrettsaktiv collegestudentar gav dette regimet utført 5 gonger pr veke 26 % auke i anaerob utholdenheit og 14 % i aerob.
Kortintervall utført på denne måten vil ikkje gå ut over muskelmassen.
Eg kan tenkje meg at god aerob og anaerob utholdenheit har positiv psykisk effekt på styrketrening pga at helsa blir betra og ein føler seg betre.
Kommentar?
Min lærar har stilt seg kritisk til knebøy der ein går ned meir enn 90 o i kneleddet, men eg ser at reglane i styrkeløft er at ein skal litt lenger ned. Clarence Bass seier at han alltid har gått djupt ned i knebøy, og har ikkje hatt problem med dette, og føler det er betre for knea enn å stoppe bevegelsen ved 90 o med den belastninga det medfører.
Det har også vore kritiske stemmer til good-mornings. Eg antar at dei fleste øvelsane e trygge viss ein veit kva ein driv med.
Kommentar?
Takk,
Mads L Holvik
Nesna