Tysdag
Eitbeins beinpress:
5 x 45kg
5 x 55kg
5 x 65kg
5 x 75kg
5 x 85kg
5 x 90kg | høgre bein
2 x 5 x 90kg | venstre bein
Militærpress:
2 x 5 x 20kg
5 x 30kg
2 x 4 x 50kg
3 x 60kg
2 x 65kg
5, 5, 3, 2 og 2 reps på 70kg!!!!
Markløft:
5 x 60kg
5 x 80kg
5 x 110kg
3 x 150kg
5 x 175kg
1 x 175kg
Forsøket på eitbeins beinpress var suksess, i den form at eg merka ein del forskjell på beinstyrken. 90kg var omtrent 5rm på venstre bein, medan på høgre kunne eg ha teke nokre kg til. Køyrde eit sett meir på venstre i dag, og så får vi se korleis det blir gjort framover. Beinpress jobbar ganske hardt på knea synst eg, så viss eg skal byrja å ta ganske tung beinpress på kvar økt, kan det bli spennande å sjå korleis knea taklar det.
Skuldrene kjentes ikkje klare ut i dag, og før eg byrja på militærpressen merka eg at eg ikkje var i form til den øvinga. Eg fekk ikkje lyfta noko særleg eksplosivt heller, då venstre skulder sa ifrå med småvondtar med ein gong eg la inn litt ekstra trykk. Det er mogleg dette berre viser at eg treng ein deload no, noko som ikkje er så rart, i og med at eg har auka ganske jamnt frå 30kg til 70kg utan å deloade. Eg går sannsynlegvis ned til 60kg, og håpar at trening på lette vekter vil gi like mykje effekt no, som det har gjort før. Pinleg å gå såpass mykje ned i antall repetisjonar i dag, men vi får koma sterkare tilbake.
Dagens markløft gjekk opp, men eg er usikker på om eg er nøgd med teknikken. Eg trur ikkje at det er noko skadeleg med den, eller at den er dårleg på den måten, men det er eit visst strongmanpreg over løfta no når det byrjar å bli skikkeleg tungt. Det er mogleg at eg ikkje får aktivert ryggen like mykje som eg kanskje burde. Eg lårar ikkje altfor mykje, men den siste rørsla på fleire av løfta blir utretting av bein. Det spørst om eg burde ha tatt ein "teknisk deload", men eg trur nok at viljen til å løfta tungt får pressa meg til å prøve i alle fall 180kg før noko slikt skjer.