"Alle" trenar splittprogram av di kroppsbyggjing har vorte elefanten i rommet i resistansetreningssamanheng, so "alle" trur dei skal trene som kroppsbyggjarar. Her er det vektig å ha greie på kvifor nokre trenar splitt i det heile. For det fyrste er splitt svaret på spursmålet "Korleis skal eg kunne trene fleire dagar på rad?" For det andre, om du skal prøve å trene fullkroppsprogram med tri-fire øvingar per muskelgruppe, blir treningsøykta alt for lang. Splitten er ein måte å økonomisere treninga.
Men for dei fleste av oss er det ikkje mykje grunn til å sjå bort til kroppsbyggjarane. Lat oss tenkje oss ein idrettsutøvar som trenar styrke for å prestere betre i sin idrett, og denne idretten er korkje styrkelyft, vektlyfting, strongman eller kroppsbyggjing. Ein slik utøvar har ikkje tid til å hengje i styrkeromet fem-seks dagar i veka, for idrettsutøvarar må trene på idretten sin. Brytarar må vera på matta, ballspelarar må spela ball, sprintarar lyt springe og kastarar må kaste. Her inne har eg ofte inntrykk av at folk trur styrketrening er eit be-all-end-all, men det er ikkje slik. Idrettsspesifikk trening trengs.
Idrettsutøvaren vår kan trene styrke tri dagar i veka, og då er det naturleg å trene eit heilkroppsprogram. Det er meiningslaust for ein sprintar å ha ein beindag med 20-25 sett på beina, og so skal han sprinte dagen etter. Gløym det! Det hender ikkje, av di sprintaren er avhengig av å kunne trene sprintøyktene sine med full intensitet.
Eit styrkeprogram for ein idrettsutøvar bør vera rørslebasert heller enn muskelbasert. Eit godt fullkroppsprogram har: Ei pressøving, ei dragøving, ei knebøyøvig, ei marklyftøving og ei heilkropps eksplosiv øving. Eit opplegg for tri øykter kan sjå slik ut:
A:
Frivending, medium
Benkpress, tung
Pull-up, medium
Frontknebøy, tung
Marklyft, lett
B:
Frivending, tung
Benkpress, lett
Pull-up, tung
Frontknebøy, medium
Marklyft, medium
C:
Frivending, lett
Benkpress, medium
Pull-up, lett
Frontknebøy, lett
Marklyft, tung
Dette programmet kan ein trene i seks til åtte veker og enno ha overskot til annan trening. Etter seks til åtte veker kan ein skifte ut øvingane
No tykkjer eg eg høyrer dykk: Men eg må trene det, og det, og det og sånn og slik og 72 set med alle slag bicepscurl for å ta biceps frå vinklar som berre er tenkjelege i noneuklidiske geometriar. Må de det? Må de verkeleg det? Når var det du skulle glinse halvnaken, nymåla og deffa på ein scene sa du? For det meste er svaret "aldri".
Ei anna sak er at folk lyt lære seg å trene medium og lett. De treng ikkje lyfte til failure i alle øvingar! de treng slett ikkje å lyfte til failure i alle sett. Har du stagnert? Sjå kva du kan fjerne frå programmet ditt, ikkje på kva du kan leggje til. Det går an å trene til krampa tar deg i kvar øykt, men slik trening er ikkj god å restituere frå. Hugs, dei fleste av oss er ikkje profesjonelle. Me skal faktisk ha eit liv utom treninga òg.