Løpte opp på Stoltzen på omtrent 13 minutt. Er fornøyd tatt ti betraktning eit par ting:
-Første gang eg gikk/løpte der.
-dagen derpå
-Uten oppvarming
-og eg gikk feil halvveis, tapte nok ein del sekunder på det
Interessant å endelig få prøve seg på denne løypa. Er nok ein del forbedringspotensiale, og den løypa er ikkje for folk som trener med forholdsvis tunge vekter. Kan garantere at hadde eg slutta med vekttrening så hadde eg på tre mnd forbedra tida mi opp dit, kunne nok ha komt ned på ei tid rundt 11 minutt.
Sitter å ser Brann kampen på TV2. For ein dramatikk og for ein dretande dårlig dommer.
Brage Sandemoen bør finne seg nokke anna å gjere snarast, han framstår jo som ein dommar uten myndighet og autoritet! Han lar tingene utarte seg, og då blir det ein vanskelig kamp å dømme. Mange små episoder der spelarar på begge lag er for sein i tacklinger og må kjefte og smelle og komme med kommentarer i etterkant.
Første målet til Kovacs er høgst diskutabelt i forhold til fair play. Han ser tydelig at Opdal blir skada, og i tillegg til at Opdal nokre minutter tidligere fikk ein overstrekk i kneet, burde Kovacs ha spilt ballen ut over dødlinja. Han gjorde ikkje det, han gjorde bare jobben sin, men no er han blitt hatobjekt nr.1 i Bergen, i steden for ein hedersmann og Fair play representant av høg klasse. Kanskje kunne dommaren gjere noko? Eg veit ikkje, men trur regelmentet er veldig uklart på det punktet der. Fair play er stikkordet i allefall.
Videre så er det utvisninga til Bakke. Eg forstår godt frustrasjonen til Bakke. Han tar ballen klokkereint, og er vel omtrent ikkje borti Oddspilleren. Det som taler til hans ulempe, er jo strake bein, viste knotter og stor fart/stor skaderisiko. Mi meining er at gult kort er meir enn nok for ei slik tackling. Men klart, kva skal ein vente av ein så lite voksen dommer som Sandemoen.
Der er sikkert andre episoder å diskutere også. Austin si tackling f.eks der han fikk gult kort.SKal det være slik at dommeren skal drepe norsk fotball fordi spillet krever meire hurtighet, styrke og teknikk? Vi henger jo milevis bak andre store ligaer på det punktet her, la ikkje norske dommere påvirke det her endå meir negativt for norsk fotball.
Kva meinar dokke andre? La ballen rulle >