Søndag 20.08.18
OPPDATERING KNE
18.08 var eg endelig på plass med fysio igjen! Forklarte korleis oppigjentrening hadde gått, og smellane eg har fått i kneet som har satt meg eit par steg tilbake. Ho sa det var bra at når eg først hadde ildt, kunne det gå like raskt over igjen. At smerten ikkje opptrer konstant. Det kan rett og slett berre vere uvandte stillingar, eventuelt at kneet ikkje tåler bevegelsen, og at ledda glir lenger enn dei eigentleg skal, og dermed fører til smerter.
Strekken er god på begge bein, og bøyen er ganske god også. Manglar fortsatt ca. 7 grader bøy på høgre kne. Denne forskjellen kan ha vert årsaken til stivheit i legg, og smertene i legg (som strøymer frå kne og nedover leggen) og smertene i låret. Rett og slett at festene til muskale blir strekt ekstra når bøyen ikkje er lik på begge bein. Kneet er ikkje hovent, og området rundt kjennest bra ut (sa ho). Ingen særlige smerter ved bøy osv når ho testar ut kneet (under sjekk), kjente kun litt på utside av kne. Eg fekk vidare øvelsar som eg kan starte opp med etter fadderveka er ferdig.
Eg er som sagt inn i fadderveka no. På mandag kjente eg smerter sist i kneet, då som plutselige smerter spesielt ved vanleg gange (bakkar og trapper er verst). Har tatt det veldig med ro i ca. 2 veker no, og smertene har likevel ikkje gått vekk. Bestemte meg for å prøve å belaste foten normalt og sjå korleis det ville fungere. Med fadderveke blir det mykje belastning (mykje drikking, dansing etc). Etter at eg bestemte meg for å gjere dette, har eg ikkje kjent NOKEN smerter i foten. Det har gått heilt fint med dansing og all bevegelse. Eg er likevel forsiktig endå med brå bevegelsar og bøying av kne (plukke opp ting på bakken). No er det altså 6. dagen uten smerter, so det virkar litt meir lovande no.