Må eigentleg berre flire over alle som trudde på IPF-magi synspunkta mine
Særs Dolegga, som lenge etter at eg har drege super argumentet "no skal vi ikkje henge oss opp i bagatellar" kjem og påpeikar at argumenta mine er utruleg tynne.
Selfølgeleg veit eg at argumenta mine vert so smått tynne når eg kallar stein, stokk og liknande strongmanøvelsar mosjon på lik linje med å ta oppvasken. Eg kan jo risikere å få Trønderbataljonen på ytterdøra med ei slik haldning.
Somme eig anten inga form for humor, eller er berre veldig lite informerte innanfor emnet internettfora-skikk. Sjølvsagt var det berre for å provosere, og prøve å skape ein artig debatt.
Men ein ting som eg faktisk meinte, og står for, er den utbrette nytta av bokmål. Ja, eg vil gå so longt at eg kallar det ei skandale! Folk som snakkar nynorsk til vanleg, og som skriv nynorsk på skulen og ikkje har noko imot det, legg automatisk over til bokmål når dei kjem på riksdekkjande plan, som til dømes Treningsforum. Dette for å bli betre fortsått, sidan desse trangsynte liksom-danskane ikkje greier å tyde ei anna dialekt enn den som er heilt og haldent deira.
Sjølv norsk-læraren min, som snakkar bokmål, var samd i at nynorsk er ekte norsk.
Om eg, eller nokon andre som ikkje er frå Oslo-området for den del, skulle nytta vår eigentlege dialekt, så hadde alle andre en trangsyntnissane frå storbyen greidd å tyde det aller, aller meste som vart sagt. Men gramatiske bommertar, som til dømes:
Jeg skjønte ingenting av det du skrev, skriv norsk a!
Det skal gå heilt fint, alle skjønar jo kva den "a"-en står for, det er jo slik dei snakkar på fjernsyn.
Eg synest det er grasalt å sjå korleis språket endrar seg etter byspråket. Kvar skal dette ende?