Tysdag 02.05.17
OPERASJON HØ KNE
I dag opererte eg hø kne på Voss sjukehus.
Månadane før:
Det heile starta på ein fotballcup i romjula, altså 5 mnd sidan. Det kjentes ut som noke nærast løsna i kneet og kjilte seg mellom ledda. Etter 2 veke var det bra igjen, og eg kunne gå uten smerte og små "låsingar". I februar igjen kom første låsing igjen, ut av det blå. Etter ein rask bevegelse med vridning. Legen va sikker på at det var menisk-skade. Låsinga i kneet gikk opp morningen etterpå. Ei veke etter dette igjen, låste kneet seg under pullups-øvelse. Etter ca. 45 min gikk låsinga opp igjen, og eg kunne gå normalt på kneet. Etter ca. midt i februar og til mai har eg gått på foten, trent litt i ny og ne, gått skitur og fjelltur. Alt dette har gått ganske bra. Det er eit par gongar når eg skal sitte på huk at det nesten har låst seg igjen. Legen har altså henvist meg til operasjon for å ordne menisken.
Operasjonsdag:
Raskt inne på operasjonsstova, og alt derfrå gikk bra. Tok litt tid å få prate med legen, men når han først dukka opp, såg eg han ikkje var stort blid. Han fortalte at menisken såg heilt fin ut, men at det var noke anna. Nederste del av lårbeinet, i overgangen ved kneet hadde knekt av, og stod sovidt på plass. Det er altså eit lite flak, trulig 0,5cm i diameter, som er laust. Han meinte det hasta med ny operasjon, som forøvrig blir i Bergen eller Oslo, då dei ikkje har riktige redskap til å ta noko sånt på Voss.
Dermed ventar eg på operasjon nr 2. Eg kan ikkje belaste fot, og omtrent ikkje bøye den før neste operasjon. Det skal settast 2 skruer inn i kneet for feste flaket. Det vil bli krykketid på 2-3 mnd, og opptrening på fleire månadar.
Skikkelig typisk at tilbakemeldinga ikkje kunne vert verre, men og godt at det er oppdaga.