Skrevet av Emne: Manglande kunnskap/profesjonalitet i bruk av utstyr  (Lest 992 ganger)

Utlogget listefyll

  • Treningsnarkoman
  • *******
  • Innlegg: 2 419
  • Honnør: 245
  • Utlogget Utlogget

    Innlegg: 2 419

  • a.k.a. Mickey Goldmill and Jabba The Hut
Kjære Styrkeløftvenar...

Diskusjonen om bruk av benkskjorta har på mange måtar nådd eit paradigmeskifte. Sjølv dei mest svorne motstandarane av benskjorta er no på gli. Argumenta på begge sider er gode. Mykje av orsaka til at tvilarane og tidlegare motstandarar no er på gli er nok basert på det noko bisarre avviket og konkurransehemminga i internasjonale konkurransar. Prøv å forklare for ein utanforståande kvifor vi brukar anna utstyr nasjonalt enn internasjonalt - noko som gjer at vi tapar mange kilo. Eg har prøvd.

Det norske forbudet er jo ganske eksepsjonelt. Det blir nesten som å leggje ned veto mot klappskeisser i nasjonale konkurransar. Men argumenta mot skjorta er mange og velkjente - og også gode. Eg er sjølv ein tvilar.

Det er ikkje tvil om at våre internasjonale løftarar taper stort på dei nasjonale reglane. Eg har snakka med fleire av dei som var med i Nordisk Benk - dei kunne fortelje at både utanlandske dommarar og deltakarar nærast flirte av dei urøynde norske utøvarane. Dei vart ikkje berre "avslørt" i praktisk bruk av skjorta - det skorta  på utføring, tilpassing og faktisk resultat.

Eit konkret eksempel: Nils Stærkjær (Danmark) løfta 300 kg på Nordisk - rekorden utan skjorte er 255 kg. Kjell Furesund (Noreg) løfta 250 kg på Nordisk - rekorden utan skjorte er 240 kg.

Rykta seier at ein utøvar som Midote hentar utrulege 80 kg på drakta.

Men stoppar ikkje der. Enkelte av våre beste utøvarar og leiarar verkar å ha eit avslappa forhold til bruk av utstyr generelt - eg tenkjer då på treningsrutiner, spesialtilpassa utstyr, fabrikk-kontakt og tilpassing av teknikk.

Det betyr ikkje at dei er useriøse, men at det er eit "nedprioritert" punkt på lista over suksessfaktorar.
Eg må på mange måtar seie at eg er ein av dei.
I min amatørkvardag har slike tankar herska.


Mange utøvarar trenar sjeldan med utstyr og det å vere opptatt av utstyr og tilpassing av bruken i høve til trening blir nærast sett ned på. Nesten Noregsmeistar (som dog er Noregsmeistar allereie).... og enkelte andre er no i gang med å bryte denne trenda - det er positivt. "Marathon-sjuka" ramma oss alt for lenge.

Vi ser at nettopp det å vere i front i utvklinga av utstyr er avgjerande for suksess i idretten - ein kan for eksempel nemne skyteprosjektet til skisyttarane og gliprosjekta til langrennslauparane. No er hopparane i gong med eit prosjekt i høve til hoppdressar og aerodynamikk. Eksempla er uendelege.

Mitt poeng er at på mange måtar har slik tankar vore fråverande og nærast sett ned på av mange sentrale personar i Styrkeløft-Noreg (som eigentleg ønskjer å fjerne alt utstyr), og eg sit med ei kjensle av vi ligg på etterskudd i høve til våre utanlandske konkurrentar.

Djupe bøy frå listefyll
listefyll returns

Utlogget GAMMERN

  • .: Aktivutøver :.
  • ******
  • Innlegg: 5 889
  • Honnør: 791
  • Utlogget Utlogget

    Innlegg: 5 889

  • Gammel kødd
Du mener vel ikke at forbundet er konservative, gammeldagse og har såkalt tunnelsyn ? Wink Wink Wink Wink Wink
Perser: Stevne 305-205-290
           Trening 315-210-300

Gå til:  

Disse kosttilskuddene er glemt for mange, men som alle bør ta.

5 digge middager med cottage cheese

Kosthold09.08.2021270

Cottage cheese er blitt en svært populær matvare!
Det er en risiko forbundet med treningen og løftene man utfører
Det finnes så mange gode varianter av middagskaker enn bare karbonadekaker.

5 fordeler med stående leggpress

Trening28.06.202153

Det er mange fordeler med å trene leggene dine. Se her!