Tenkte eg skulle ta ei oppsummering frå treningsstart til no, sidan eg ikkje har så mykje anna å gjer dei neste timane.
Begyndte å trene 19.januar 2007. På denne tida løfta eg 60kg i benk og 130kg i markløft, knebøy prøvde eg ikkje. Fekk innføring(kvaliteten på denne innføringa var nå så som så) i alle mulige maskinøvelsar + benkpress og skulderpress frå eigaren av gymmet. Fekk eit program der eg trente 3 set og 10 reps på alle øvelsar. Mage, nedtrekk, benkpress, beinpress, kickbacks, franskpress, bicepkørls, skulderpress, så tok eg knebøy ein sjeldan gong. Vegde rundt 80kg i dette øyeblikket.
Trente dette i 3mnd før eg bestemte meg før eg bestemte meg for å ta det litt meir seriøst. Einaste økning eg kan hugse var frå 60kg til 70kg i benkpress, hadde ikkje med noko markløft trening på programmet. Uansett, eg gjekk til innkjøp av proteinpulver og kreatin og begyndte å trene ein 4dagars split som eg fant på iform(5x5 powerbuilding)
Det såg slik ut:
Dag 1: Rygg og biceps
- Markløft 5 x 5
- Chins eller nedtrekk 2 x 10
- Foroverbøyd roing med stang 3 x 10
- Stangcurls 5 x 10
Dag 2: Bryst og triceps
- Benkpress 5 x 5
- Brede dips 2 x 10
- Skrå flyes 2 x 10
- Smal benkpress 5 x 10
Dag 3: Hvile
Dag 4: Bein
- Knebøy 5 x 5
- Beinpress 2 x 10
- Utfall i smithmaskin 2 x 10
- Strake mark 5 x 10
- Lårcurls 2 x 10
Dag 5: Skuldre og legger
- Militærpress 5 x 5
- Sidehevninger 3 x 10
- Stående tåhev 3 x 10-15
- Sittende tåhev 3 x 10-15
Trente i pyramide, der eg la på 2,5kg for kvart sett.
I markløft begyndte eg på 80-85kg, og hadde 120kg siste settet i siste veka.
I knebøy begyndte eg på 70kg og slutta på 80-85kg
I benkpress begyndte eg på 50kg og avslutta med 70kg.
Etter å ha trent dette i 10 veker og gått frå 80 - 85kg kroppsvekt, hadde eg økt frå 130kg - 190kg i markløft, 70kg til 80kg i benkpress, sto over maxing i knebøy og prøvde meg heller på ein 3'ar på 60kg i bicepscurl. Haha. Dette skjedde ei sommarnatt i juli 07.
I august begyndte eg å trene Release Your Potential (Grunnprogrammet), som eg fant på Tech Nutrition sine nettsider. Det var eit 3dagers program som varte i 6veke. Første veka begyndte eg med 15reps, 2 og 3 veka trente eg med 10 reps og 4 - 6 veke trente eg med 5reps. Det var felles reps for alle øvelsar
Programmet såg slik ut:
Knebøy: 3 set
Strakmark: 1set
Skråbenk: 4set
Nedtrekk m. smalt grep: 2set
Roing bredt grep: 2 set
Arnoldpress: 2set
Bicepscurl på skråbenk: 2set
Pushdowns(Bytta ut med franskpress): 2set
Mage: 2set
Heilt elendig program, når eg ser tilbake på det. Trente akkuratt det same kvar økt, berre at det var 5% tyngre vekter i alle øvelsa for kvar økt. Dette førte til kvartbøy og ein jævlig senebetennelse i høgre armen. Hadde 3 5'ara på 135kg i kvartbøy siste veka og ein 5ar på 140 i strak mark.
Tok meg ein pause for å blir god igjen i armen. Vekta låg på 90kg ca. og vi var i september måne. Følte meg feit, så begyndte å ete mykje mindre, og begyndte på igjen med det same programmet berre at det heite 'Maks Forbrenning' istadenfor 'Grunnprogram' einaste forskjellen var at det var 5%lettare vekte i siste veka. Gikk ned til 85kg og slutta med programmet midt i oktober måned.
I slutten av oktober 07, bestemte eg meg for å begynde å ete skikkelig å trene "skikkelig", så eg fant fram det same 5x5 programmet eg fant på iform igjen, sidan eg var fårnøgd med resultata eg fekk med det. Midt i programmet hadde eg 2 maxtesta i benkpress, tok 90kg i november - desember, 2 veker etter på klarte eg 95kg og en bom på 100kg.
Vart ferdig med programmet i jula 07. Prøvde totalt 3gongar på 100kg i benkpress før eg bestemte meg for å begynde å trene Dietmar Nybegynder Oppkjøring som varte i 12veker i Januar 08, sidan eg hadde hørt det skulle vere bra for å øke i styrke. Jaggu glad eg ikkje klarte 100kg, sånn at eg hadde blitt introdusert for Dietmar.
Uansett, eg stilte måla til 165-107,5kg-210. Gjor ingenting med belastningsprosentane, og tenkte heller ikkje på at eg burde stille det høgare i bøy og mark sidan det er medregna at det er utstyr eg skal løfte i. Var hovudsaklig berre benkpress styrke eg brydde meg om, knebøy og markløft trente eg berre fordi det sto på programmet.
I 6.veka begyndte eg å få ildt i knea, så dei resterande 6.vekene vart det ingen knebøy og markløft. Mot slutten av programmet begyndte knea å bli beidre, så eg tok meg ei markøkt, der eg gjekk opptil ein singel på 200kg som då vart nypers. Ei veka seinare tok eg 1-2 reps på 145kg i knebøy. Trente med boks gjennom heile programmet sidan eg hadde vanskli for å finne den riktige djupda.
I benk var eg opp på 2 doble på 97,5kg med stopp som siste tunge økt før eg skulle maxe. Var pittlelitt skeptisk til at eg skulle klare 10kilo meir for 1rep, men dog dei dobble på 97,5kg var nesten litt lette.
Så kom maxdagen den 6.Mars 08. Eg bestemte meg for å maxe i knebøy og markløft, sjølv om eg kun hadde trent bøy og mark halve programmet.
-I knebøy klarte eg 160kg for så å ta ein bom på 170kg. 165kg kunne ha gått.
-I benkpress tok eg 107,5kg, for så å prøve på 110kg der eg klarte å treffe stativet på veg opp att, hadde sikkert gått om eg ikkje hadde gjort det.
- I markløft vart det ingen ny pers, ei heller tangering av pers.
Etter dette låg vekta på 101,5kg morgenvekt, og ein kompis av meg klarte å dra meg med på ein deff. Trente Dietmar Mengde i 2veker mens eg deffa, stilte det til 180-115-220, trudde eg skulle stille det til kva eg hadde tenkt å ta etter eg var ferdig med programmet. Så alt vart så tungt, lite mat og for tunge tunge vekter. Så eg slutta med det programmet. Og lagde min egen 3-dagers split. Etter 2veker med den og lite mat, var morgenvekta nede på 95,5kg etter totalt 4veker på deff. I midten av 5veka leste eg eit långt innlegg av Einar Gilberg i loggen til CYC, der det sto om eting og antideffing, og rett etter fant eg ut at det var pannekaker til middag, så då va saken biff. Etter ei veke med skikkelig eting var morgenvekta opp på 99kg.
I begyndelsen av mai 08 begyndte eg med eit program laga av Boris Sheiko som varte i 4veker. Stilte måla til 170 - 120(deretter 115 etter ei veke pga. at det vart for tungt)-215. Var ofte opp i 19sett med bøy ein dag, benk ein dag og mark ein dag. I begyndelsen av Juni var det på tide med maxing:
- I knebøy tok eg 170kg, var ein litt stygg rep, kom litt i ubalanse idet eg retta meg ut. Deretter hadde eg ein bom på 177,5kg. Veit ikkje heilt kvifor eg prøvde meg på den
- I benkpress vart det ingen ny pers, hadde eit hallvegs løft på 115kg, 112,5kg hadde kansje gått.
- I markløft vart eg veldig overraska. Var svært skeptisk til at eg skulle klare 215kg. Varma opp, siste løft var på 180kg. Første fårsøk på pers var 210kg, gikk greit opp. Deretter drog eg opp 215kg og var veldig fårnøgd. Men eg tenkte at det ikkje kunne stoppe der, så eg la på meir vekte. Resten av økta såg slik ut: 1x1 217,5kg 1x1 220kg 1x1 222,5kg 1x1 225kg 1x1 227,5kg 1x0 230kg. Eg trur eg skulle klart 230kg+ om eg gått fram litt anleis.
Etter dette fant eg ut at eg skulle tråkke endå hardare på gassen, så eg eg satt opp eit program der eg splitta opp mark philipi i markløft, smolov i knebøy og mini-smolov i benkpress. Etter 1-2veke måtte eg kutte ut smolov i knebøy, og kjørde heller 5x5 2gonga i veka som ein slags mellomting medan eg la mest vekt på å bli sterk i markløft. Etter 3veke med mini-smolov i benkpress benka eg 117,5kg, og synst det var ei grei økning. Vekta i sommar låg på rundt 105kg morgenvekt.
Etterkvert la eg om marktreninga der eg hadde alle øvelsane i Philipi på ein dag, sånn som det skal vere. Mark, Toppmark, Roing og Strakmark. 1.august 08 trente eg philipi etter ein heil dag meg silojobbing, og migrene. Trakka skeivt på andre reppen i andre settet med 202,5kg i nevane i første øvelse, trente ferdig økta med smerte, fikk ei kraftig låsning i ryggen. Den skada sitt fortsatt i skrivande stund men er på veg til å bli god igjen nå. Masse kiropraktortima og rehab har hjulpe godt på.
Siste halvåret har eg logga, så siste del av 'historien' står her. Bortsett frå vekta, sjekka morgenvekta nokre dagar etter eg hadde benka 140kg. Då vegde eg 113,5kg, vart litt overraska i og med at eg hadde låge på rundt 118kg på trening.
Ellers kan eg nevne at eg har brukt lenger tid på skada enn nødvendig pga. at eg venta for lenge før eg begyndte med behandlingog at eg falt for fristelsen og løfta for tungt enkelte gongar. Ser på denne skada som ein lærepeng.
Nå er eg jævla lei av å skrive, og trenge mat
Peace out!