Her e referate du venta på jonas
Dekkvelt
5 flipps 17.9s : Bomma på grepe på siste reppen. sløste nok bort 1-2 sekund her ellers fornøgd
Plassering: 1
Apollons
LMS 85kg: Følte meg sterk i pressen, trur 90 hadde gått opp om eg hadde klart vendinga.
Plassering: Delt 1
Mark
LMS 180kg: Gjekk rett frå 180 til 200. Forsøket på 200 blei litt "useriøst" fordi eg var redd for at ryggen skulle ryke å ødlegge heile spydsesongen. Godt fornøgd då det har blitt lite mark trening dei siste 3 månane. Trur eg skal klare 200 i løpet av sommaren om eg står på.
Plassering: 2
Farmers Walk
20m--> 6.9s: Byrja bra, men slo leggen opp i eine farmersen etter omlag 13m. Mista balansen og måtte dermed senke farta. Dårleg avslutting.
plassering: 2
Stokk
reps: 60kg 10 reps 1 min(var det 1min?): Ga alt i denne øvelsen. Heilt ny øvelse for meg, teknikken var nok til å grine av, men likevel fornøgd.
Plassering: 1
Stein
80 kg 13 reps 1 min 30s( litt usikker på tida her også) : Byrja komisk. Lite øving på førehand gjorde at eg lyfta på heilt feil måte. Dei fyrste 20-30 sekunda endte med null reps. Men brått satt grepet som eit skudd og løfta som ein helt det siste minuttet.
Plassering: delt 1. Må seie meg svært fornøgd med dette etter tullinga i starten. Hadde ikkje forventa å matche steinkongen Anders Odden Pedersen;)
Total plassering: 1 plass
Alt i alt strålande fornøgd med slå John Amund. Eit av årets store mpl dette
Ellers vil eg rette ei stor takk og honnør til mr Klungsøyr som har stått på for å arrangere dette utan å tene ei krone. Svært gøy å delta. Ser fram til å delta også neste år og året etter det