Hei.
Byrja å trene på eit eigelaga RYP-program, med altfor mange isolasjonsøvingar, i november. Hadde ei jul med tilnærma inga styrketrening. På den einaste økta fekk eg rettleiing i knebøyteknikk, og fekk testa styrken min i den øvinga.
Etter jul byrja eg på stronglifts 5x5. Utolmodig som eg er, så byrja eg utan å ha lese for mykje om oppsettet av programmet. Det er mogleg at eg byrja med litt for høge vekter, og forandra ikkje på vektene heilt etter boka (bokstavlig talt). Men dei siste tre-ish vekene har eg fått orden på ting, og er no godt igang.
Stort sett alle tips om program og andre ting har eg fått av VP, som har eigen logg her på forumet, og som har drive med styrketrening i nokre år. Likar og å mase på Seelhome om tips.
Før eg byrja på RYP så hadde eg aldri drive med styrketrening før, sjølv om eg har vore nysgjerrig på det ei stund. Einaste aktive trening eg har drive med er fotball fram til eg var 19år.
Eg er no
21 22 år (fødd i -89), 189cm høg og veg ca
100 105-106 110kg.
Har ikkje testa maks på alle øvelsane, men har nokre tal som kan gi ein ide om kva styrkenivå eg ligg på:
Knebøy: Tok 3RM på 100kg då eg prøvde fyrste gong rett før jul.
Markløft: Her prøvde eg å testa maksstyrken min. Var oppe på 170kg, men då svikta grepet før eg fekk retta meg skikkeleg opp (ingen magnesium, og brukte hanskar uten å tenka over at det kanskje gjorde grepet dårlegare (gjer det?)).
Benk:Siste uka på RYP var eg oppe på 80kg på 4 reps. Trengte hjelp til siste rep på alle 3 setta.
Usikker på
roing og
militærpress.
På tirsdag trente eg knebøy, pendlay roing og benkpress, med arbeidssett på henholdsvis 95kg, 57.5kg og 67.5kg. Knebøyen byrjar å bli relativt tung, både benk og roing har eg fortsatt ein god del å gå på trur eg.
Oppdatering, 22. juli 2011Venskapskonkurranse,
resultat:
170 - 125 - 210+
85kg militærpress