Vis innlegg
Sider:
  • 1
  • 2
  • 3
  • ...
  • 18
  • 16  Trening / Forum for ungdom / Sv: Markløft-Teknikk på: 22. juli 2013, 23:33
    Har sett verre, men det er eit par småting å sjå på. Prøv å halde bryskassa meir ut og fram, og ver strammare i øvre rygg. Prøv å lyfte med tilbakedregne skuldrar gjenom heile lyftet. Elles lyt du tenkje på at hofta skal fram, slik at ikkje hofta reiser seg fortare enn skuldrane i starten av lyftet.
    17  Trening / Friidrett / Sv: kasting av rare ting på: 22. juli 2013, 23:25
    Den innleiande svingen er god å ha når du skal kaste noko so uhandterleg og lite aerodynamisk som eit mjølkespann, so hald på den.

    Det er heilt rett at du ikkje skal flyge so mykje, og ein god drill for å lære det er South African, det skulle vera godt om døme på youtube. Elles bør du sitje litt meir, og pivotere på venstre tåball heilt til du ser i kastretninga. Då skal du føre høgrefoten fram i ei vid, valdsam sving som gjev deg fart inn mot midten av ringen. Ikkje spark frå hardt med venstrefoten, men drag honom snøgt over ringen. Det burde halde deg lågare.
    Elles såg eg på kulestøytet ditt. Ikkje ille, men du treng å stemme frå betre med venstre. Prøv nokre støyt utan fotbyte, og fokuser på stemmen.
    18  Trening / Friidrett / Sv: kasting av rare ting på: 22. juli 2013, 01:30
    Eg trur mjølkespannkast er ei so sèrnorsk øving at verdsrekordar ikkje er noterte, men eg meiner å hugse at Flåklypa Tidende ein gong melde at meieriassistent Emanuel Desperados hadde kasta over 168 meter. Ettersom Emanuel er ein gorilla, er nog ikkje rekorden gyldig for menneske.

    Eg har ikkje prøvd mjølkespannkast sjølv, men eg har leikt meg litt med å kaste kettlebell (12 kg og 16 kg) med ei hand. Det som verkar logisk, båe for kettlebell og mjølkespann, er å bruke same teknikken som dei brukar i vektkast i highland games, altso ein dobbelrotasjon der du startar med fronten i kastretninga, som her:

    http://www.youtube.com/watch?v=NwQvJ56_Fmw

    Sjå burt frå han som startar med ryggen i kastretninga, han prøver å bruke teknikken frå sleggje/vektkast i friidrett, og det verkar ikkje når du skal kaste med ei hand.

    Elles lukke til, og hald oss oppdaterte!
    19  Trening / Andre Treningsaktiviteter / Sv: vektmansjetter til løping på: 21. juli 2013, 13:44

    Problemet var at dette kunne gå stygt utover teknikken den første stunden man trente på det.

    Det er eit godt poeng, og det gjeld løping òg. Når løparar skal ha ekstra motstand, spring dei med vekt eller fallskjerm etter seg i ei sele, og då brukar dei berre lette vekter, slik at det ikkje går ut over steget. Ankel- og vristvekter har vore prøvde og forkasta av miljøa.
    20  Trening / Kroppsbygging og Fitness / Sv: Hjelp til helkroppsprogramøvelser på: 19. juli 2013, 16:36
    De lette øktene er absolutt ikke til å skippe! hvorfor du har lett økt etter tung økt er fordi muskelen og nervesystemet ikke er 100%. dvs at den lette belastningen er nok til at muskelen fortsetter å vokse konstant, du har sikkert hørt at man bør trene hver muskel ihvertfall 3 ganger i uka, og det sier seg selv at man ikke tar 3 tunge økter, klarer du 3 tunge økter med progresjon i uka, er det noe feil med deg:p

    Og hvile er vesentlig, de fleste byggere hviler for lite, og enda får de gode resultater, men tenk hvor bra dem kunne fått ved bra nok hvile, prøv å lag deg et program hvor du har tung,lett middels dag, så legger du på 5 kg så lenge du klarer, og når du stangnerer så skifter du program;) og tar deg en hvile uke, før du gønner på igjen;) tror det vil funke ganske greit jeg:)

    Eg lika desse to avsnitta veldig godt. Veldig bra.
    21  Trening / Forum for ungdom / Sv: 16 åring trenger hjelp til trening! (Treningsprogram og kosthold] på: 19. juli 2013, 00:20
    Me treng nog litt meir info om me skal hjelpe deg, so eg har nokre spursmål:
    Kva mål har du med treninga?
    Driv du, eller har du drive aktiv idrett?
    I so fall kva?
    22  Trening / Treningsprogrammer / Sv: Tips og tilbakemeldinger på treningsprogram! på: 18. juli 2013, 19:41
    Eg saknar marklyft og knebøy. Eg undrar òg kva du skal med tri curløvingar. Likeeins tykkjer eg det er overkill å ta to nedtrekkøvingar attpå pull-ups. Og eg tykkjer det er for mykje med tri pressøvingar og dips etterpå.
    Kort sagt, eg tykkjer du gjer for mykje, og driv med det våre amerikanske vener kallar "majoring in minors".
    Shrugs er elles ei ikkjeøving i boka mi.

    Om du er ute etter eit program for masse og styrke, kvifor leiter du ikkje opp eit klassisk 5x5-program? Det er ein variant som mange har vorte store og sterke av.

    Ærleg tala gjev programmet ditt inntrykk av at du ynskjer å pakke inn so mange øvingar som mogleg, i staden for å vurdere kva som er ein optimal arbeidsmengde. Ettersom du er 17 år og 64 kg, reknar eg med at du er heller fersk i treningssamanheng. Kvifor ikkje byrje med eit heilkroppsprogram? Det er ikkje naudsynleg noko gale med splittar, men dei passar betre for avanserte byggjarar som trenar 4-6 dagar i veka. Om du no ynskjer å bruke ein splitt, kan eg tilrå Jim Wendlers 5-3-1.
    Det er ikkje meininga å vera negativ, men programskriving er ein vanskeleg kunst...eller vitskap, eller litt av begge. Det kan vera ein god ide å gå i spora etter andre som har lukkast i staden for å prøve å finne opp hjulet på nytt.
    23  Trening / Friidrett / Sv: 2 par piggsko? på: 06. juni 2012, 21:44
    Du er ikkje nøydd til å ha to par, men det er lurt. Ja, piggsko blir slitne slik som andre sko, og sprintsko skal vera rimeleg stive. Etter noko bruk blir dei mjukare og lausare.
    24  Trening / Friidrett / Sv: Spesifikk styrke i vektrommet? på: 08. april 2012, 23:25
    Ja, Bondarchuk kjenner eg godt til. No er eg ikkje heime, så eg har ikkje hans "Transfer of training" med meg. Men etter det eg hugsar, so er det rett: Styrkeøvingar som bøy, mark, rykk og benkpress verkar, heilt til kastaren når eit visst nivå. Etter kva eg hugsar, er benkpress den styrkeøvinga som har positiv korrelasjon til framgang i kast øvinga lengst for kule, der framgang i benk heng saman med framgang i kule heilt fram til kulestøytaren er god for 19 meter. Benk verkar òg fram til 65 meter i diskos. For sleggjekastarar er det frivending som verkar lengst, øvinga  har positiv korrelasjon med framgang i sleggje heilt fram til 70 meter. Eg trur eg hugsar tabellane rett no, men eg har altså ikkje boka med meg.

    Sedykh (som Dr. B. var trenar for.) kasta mykje lett og tung sleggje, noko som "aldri" sluttar å verka. Sleggjekastarane til Bondarchuk kasta med full rørsle med sleggjer frå 4 til 16 kilo. Lettare og tyngre vekter (heilt oppi 32 kg kettlebell) vart bruka til deløvingar.
    Dei gjorde òg mykje dreieøvingar og faktisk "roterande rykk"! Men alltid dynamisk, raskt for repetisjonar, aldri for maks.

    Forskning på interferens? Det lyt eg røkje etter. Men for å seia det slik: Kvifor fær ikkje amerikanarane fram sleggjekastarar? Walter Henning og Connor mcCullough var best i verda i sine årsklassar då dei var tenåringar, Kvifor har dei stagnert no? Av di dei trenar for mykje vektkast. Vekta er for tung og kort, ho oppfører seg ikkje som sleggja. Gutane fær aldri den timinga og teknikken som er naudsynleg for å kast sleggje rettleg.
    25  Trening / Friidrett / Sv: Spesifikk styrke i vektrommet? på: 08. april 2012, 18:20
    Jeg tror du godt kan ha rett, men er ikke sikker. Benkpress har en viss likhet med kulestøt, men er egentlig ganske ulik. Vet ikke om det er noe godt argument, men har sett flere tilfeller av råsterke benkpressere som støter 7-8 meter i kula. I andre enden har du de som har 80 i benken som støter 12-13 meter.
    Ja, eg er godt kjend med det der. Har sjølv 11.08 i kule, på same tid som eg hadde 90 i benk. Eg trur eg vil seie at god maksstyrke i press er naudsynleg, men ikkje tilstrekkeleg for å bli god i kule.

    Sitat
    Men det er klart det her kommer mange faktorer inn. Kunne man droppet benken (ville i hvertfall bare kjørt skråbenk), marken, vending osv til fordel for enda mer øvelseslike øvelser?
    Eg er ikkje sikker på at skråbenk er meir spesifikk enn flat benk. Men eg meiner at ståande press, "militærpress", er undervurdert og for lite brukt. Eg trur ikkje at ein skal henge seg så mykje opp i vinklane i maksimal styrketrening, men heller spara det til den spesielle styrketreninga. Me veit at å utføre tevlingsrørsla med for høg belastning gjev dårleg teknikk. Å utføre maksimal styrketrening med rørsler som liknar for mykje på sèrøvinga til utøvaren, kan gje interferens på rørslemønstret og dårleg teknikk i øvinga.
    26  Trening / Friidrett / Sv: Sprinter frontbøyer 200kg på: 08. april 2012, 14:37
    Carl Lewis og Usain Bolt er typiske 100-200 metersløpere. De har toppfart og evne til å holde den som forte. Usain Bolt er i tillegg så sinnsykt god at han har en habil start uansett. Men det blir en litt annen verden enn 40-60 meter, der er det nok noen quadsmonstre som kan finne på å slå de i starten. Kanskje noen vektløftere i lavere vektklasser også.


    Sant det. Sjå på Usain Bolt kor lenge han ligg nede og akselererer når han spring. Hovudet kjem ikkje opp føre han har sprunge 45-50  meter, det er fyrst då han har toppfart.
    27  Trening / Friidrett / Sv: Spesifikk styrke i vektrommet? på: 08. april 2012, 14:27
    Fyrst: Eg likar å skilje millom spesifikk styrke og spesiell styrke. Til dømes er benkpresstrening spesifikk for kulestøytarar, som treng ein viss styrke i pressrørsler i overkroppen. Spesiell styrke for kulestøytarar er støyt med tung eller lett kule, hink eller rotasjonar med vektstong på skuldrane, rett og slett herming av tevlingsøvinga eller deler av henne med belastning.

    Overgangane frå generell via spesifikk til spesiell styrketrening er flytande, det gjeng eit kontinuum frå eine enden til den andre.

    Det er vektig å hugse på at spesiell styrke ikkje naudsynleg kan trenast i vektrommet. Sjølv gjer eg ein del rotasjon- og utkastimitasjonar med belastning, og det er det berre ikkje plass til slikt i eit vanleg vektrom. Likeeins er det vanlegvis ikkje plass til å sprinte med slede eller fallskjerm, slik at spesiell styrke for sprintarar lyt gå føre seg på ein løpebane.

    Saka er uansett at friidretten er ein av dei idrettane som ligg lengst framme når det gjeld treningsmetodar, og båe spesifikk og spesiell styrketrening er godt granska og utvikla.
    28  Trening / Friidrett / Sv: Sprinter frontbøyer 200kg på: 08. april 2012, 14:02
    Styrke i posterior chain er viktigst i sprint. Dvs. gluteus og hamstrings. Pluss stabilitet i core og styrke i skuldre for å drive med armene. Quads er mer involvert i en rask start. Magre vektløftere og styrkeløftere klarer ofte rundt 7.0 på 60 meter pga rask start men henger ikke nødvendigvis med på 100 meter der toppfart blir viktigere. Da blir det mer muskelsamspill enn rå kraft. Dvs. at en sprinter har behov for stor styrke i småmuskulatur som kanskje ikke er like viktig for en styrkeløfter. En fotballspiller har de samme behovene men har mer behov for styrke i quads da fotball involverer mer start/stopp og korte sprinter. Frontbøy passer bedre for en fotballspiller enn for en sprinter.

    Veit ikkje det. Sprintarar skal opp frå blokka òg, veit du. Eg er friidrettstrenar, og ser på mine tolvåringar at det som er tyngst, og faktisk ein begrensande faktor, er å koma eksplosivt ut av blokka. Der er styrken i strekkmuskulaturen på framsida  av låret viktig.


    29  Generelt / Loggbok Online / Sv: Vebjørn Varlid sin veg mot 200kg i støyt på: 02. april 2012, 03:03

    - Er det noen (store) tekniske forskjeller på støt foran og bak? Kan man for eks. bøye ryggen mere fremover i støt bak for å aktivisere hoftestrekkerne mer, eller skal man ha loddrett overkropp som i støt foran?


    Eric, du veit då at det ikkje er fysisk mogleg å halde overkroppen loddrett når stonga ligg på nakken. Ein liten dupp i kne og hofte, so lyt ryggen noko fram, elles mister lyftaren balansen.
    30  Trening / Forum for nybegynnere / Sv: Hva må til for sterkere grep? på: 09. mars 2012, 19:10
    Låsegrep. Det gjer helvetes vondt til å byrje med. Bruk sportstape, bit tennene saman og trekk.
    http://www.youtube.com/watch?v=UYzNkYDdJT8
    Sider:
  • 1
  • 2
  • 3
  • ...
  • 18
  • Disse kosttilskuddene er glemt for mange, men som alle bør ta.

    5 digge middager med cottage cheese

    Kosthold09.08.2021270

    Cottage cheese er blitt en svært populær matvare!
    Det er en risiko forbundet med treningen og løftene man utfører
    Det finnes så mange gode varianter av middagskaker enn bare karbonadekaker.

    5 fordeler med stående leggpress

    Trening28.06.202153

    Det er mange fordeler med å trene leggene dine. Se her!