Tysdag
Knebøy:
Oppvarming med 24kg kettlebell
2 x 5 x 20kg
5 x 40kg
2 x 5 x 60kg
2 x 5 x 80kg
2 x 5 x 100kg
3 x 6 x 80kg
Benkpress:
8 x 20kg
8 x 40kg
2 x 5 x 60kg
3 x 80kg
5, 5, 4, 4 og 4 reps på 87,5kg
Kabelroing: | rett stang, breidt grep
8reps oppvarmingssett opp til 57kg
5 x 5 x 77kg
Bicepscurl/franskpress: | i supersett
2 x 8 x curlstang+20kg
Planken:
45 og 35 sekund på kroppsvekt+10kg
I dag føltes det ikkje ut som om formen var på topp, og når eg byrja på benkpressen kjente eg meg svært slapp. Dei to første setta gjekk greit, sjølv om stanga ikkje spratt opp på. På tredje sett, byrja eg å merke endå meir til at eg var sliten i kroppen. Eg har trent ei stund no, og føler eg kjenner meg sjølv ganske godt på kor mykje krefter eg har att., difor valde eg å prøva meg på ein 5. repetisjon på dette settet. Det burde eg jo ikkje gjort; då stanga ikkje ville rikke seg meir enn nokre centimeter frå brystet, før den stoppa heilt opp. Eg låg der i eit par sekund, og tenkte at eg fekk prøve å vippe stanga ned på benken, men då kom det først ein hyggjelege kar springande for å hjelpa. Han tok tak i høgre sida på stanga, løfta den opp, før han spurte om eg ville ha hjelp der eg låg under ei stang som stod heilt i vinkel. Eg nikka og smilte fint, og den hyggelege karen, og to andre som óg kom springande, fekk løfta stanga på plass. Ein pinlig berørt Stian takka fint for hjelpa, før han avslutta med dei to siste setta, no med ein av hjelparane som spottar.
Eg har venta på at eg skal klare nettopp dette ei stund, men håpte at eg skulle slippe likevel. Det gjorde i alle fall at eg pressa meg ekstra hardt på biceps, triceps og mage etterpå, så det kom kanskje noko godt ut av det.
På knebøy slit eg veldig med å få jamnt trykk på beina, og dette er grunnen til at eg gjekk ned at på 80kg på dagens økt. Eg veit ikkje heilt kva eg skal gjere med dette, men håpar på å endeleg få høyrt frå "Funksjon i Fokus" snart.