lykke til Mats!
Takk for det Bo
Stevnet gikk slik:
Knebøy:
1. 210kg - godkjendt
2. 225kg - godkjendt - med knebind
3. 230kg - godkjendt
Benkpress:
1. 150kg - godkjendt
2. 157,5kg - godkjendt
3. 165kg - underkjendt
Markløft:
1. 225kg - godkjendt
2. 250kg - godkjendt
3. 270kg - godkjendt
657,5kg sammenlagt
Fornøgd med dette stevnet!
La meg dagen før klokka 22.20, litt seint mtp at eg stilte alarmen til 05.40. Fikk heller ikkje sove før i 24 tida om eg skal tippe, så kort med søvn på ei veke eg ellers har hatt lite søvn. Men at eg tok fri frå trening dagen før stevnet gjor at eg fikk litt meir energi. Plukka opp Kim i Førde som sa seg villig til å vere med å hjelpe
Bomma litt på ferja og måtte vente på kaia ca. ein halvtime og var på ferja i oppedal 08.30, 110km frå Bergen, så vart eit helvetes stress mot slutten av turen då innveiinga begyndte klokka 10, men fant ut at den heldigvis var åpen til 11.30. I Bergen plukka vi opp Even (Evis frå forumet) som viste veg ut til stevne lokalet, og var på plass ca. i 11 tida. Vegde inn på 123,8kg i kun boxeren med kun 150g havregryn, 3dl yoghurt og 5dl proteindrink inntakt, så antar at vekta eg bruker må vere minst 3kg feil.
Hadde ein time på meg etter innveiing før stevnet begyndte, så vi nytta sjangsen til å finne noke mat før stevnet sida eg ikkje hadde fått i meg noke fast føde sida eg sto opp. Tok litt tid før vi fant ein plass å ete, og endte opp med å kun få i meg ein liten go'morgen yoghurt før eg skulle begynde. Møtte opp igjen i lokalet ca. 10minutter(?) før løftinga begyndte. og fikk svært kort tid på meg til å varme opp. Fikk 4-5 oppvarmings sett opptil singel på 180, gjort på 5-10min. Følte det var noke som ikkje heilt stemte. Stiv i it-bandet etter bilturen. Men etter åpningsløftet på 210kg følte eg meg litt tryggare på resten av stemnet, det var lett.
Litt dårlig samvittighet i benkpress over at eg gikk litt for tungt. Har kjendt med litt sliten i bryst og triceps etter den skjorte økta eg hadde på Onsdag denne veka. Men testoen fikk bestemme tala idag, hjerne kraft var oppbrukt på å finne fram til bergen sentrum.
I mark åpna eg på 225kg, lett. Brukte tommellås og var ikkje sikker på om det kom til å holde, har brukt det nesten på alt eg har gjort av markløft dei siste to- tre vekene men ikkje lenger opptil ein dobbel på 197,5kg. Men det satt som støpt og eg er veldig fornøgd med å få til den, då skal ikkje grepet vere noke problem lenger.
Må takke Kim, Even, Sindre og Erik som var med og hjalp til, filma og støtta meg på stevnet, det satt eg veldig pris på!!
Film av stevnet:
http://www.youtube.com/watch?v=vw5_V6Wf-3s#noexternalembedEllers må eg sei at det frista meir å stille på NM uten utstyret akkurat nå. Men eg skal jobbe med det fram mot NM å sjå korleis det går. NM 2011 skal utstyret vere ein leik.