Etter mykje fram og tilbake bestemte eg meg for å ta turen til Førde for å delta i stevnet der. 4 timar søvn og frukost på 2 skiver var ikkje perfekt oppladning, men kom tidleg til Førde, so eg fekk i meg ein biffsnadder-tallerken før stevnet starta. Det smakte
Knebøyen burde eg eigentleg ikkje vere fornøyd med. Sleit litt med dybden, men det burde ikkje ha vore so stort problem. Starta på 130 berre for å sikre eit godkjent løft. Det gjekk lett sjølvsagt. Gjekk så til 140, men det var for grunt. Gjekk så til 145 som var kjempelett. Satte meg ned og tok meg god tid sånn at eg kom lengst mogleg ned. Det gjekk sjølvsagt lett opp. Trur eg kunne tatt minst 10 kilo til.
Pga min stil i bøy, blei benken heilt øydelagt. Eg har stanga ganske langt bakpå ryggen, og det likte tydelegvis ikkje dei stakkars små armane mine. Då det var vondt å løfte berre stanga skjønte eg at det ikkje kom til å bli noke maxing i dag. Tok 70kg berre for å ha eit løft. Det var _vondt_, men lett
Så var det tid for markløft. Morosamt å løfte på ein platning der eg ikkje treng å bekymre meg for at vektene knuser golvet. Oppvarming gjekk fint, kjente at det var lettare å løfte med vekter som har ein del større diameter enn dei eg har heime.
Starta på 140. Det gjekk kjempelett sjølvsagt. Det vart bestemt for meg at eg skulle ta 155 i neste løft. Eg tykte det var litt mykje, men teinkte at det var best å la dei som hadde litt peiling bestemme
155 gjekk kjempelett.
Så vart eg fortalt at eg burde prøve meg på 170! Det hadde eg ikkje trua på, men Mr.Benkpress meinte eg ville klare det fint. Og jammen klarte eg det. Det hadde eg ikkje forventa. Tenkte eg hadde 160 på ein god dag. Jaja, takk for den!
Alt i alt var det ei kjekk oppleving som fristar til gjentakelse. Kjem nok til å møte opp neste gang òg, viss eg har moglegheiten.
Takk til Mr.Benkpress for skyss og alle som oppmuntra meg når eg løfta
Ps. alt var utan belte