Lagfinalane NM 2009 4 og 5.Desember i Naustdalshallen.
Elite:
1.plass Tambarskjelvar IL
2.plass Bjørgvin AK
3.plass Tønsbergkameratene
4.plass Vigrestad VK
Junior:
1.plass Gjøvik AK
2.plass Stavanger VK
3.plass Tambarskjevlar IL
4.plass National IL
Ungdom:
1.plass Tambarskjelvar IL
2.plass Stavanger VK
3.plass Nidelv VK
4.plass Vigrestad VK
Kvinner:
1.plass Nordenfjelske krets
2.plass Bjørgvin AK
3.plass Tambarskjelvar IL
Veteran:
1.Trondheim AK
2. Tambarskjevlar IL
3. Spydeberg Atletene
4. Larvik AK
Lag NM på heimebane vart ein kjempesuksess for vektlyftar noreg, og særleg for Tambarskjelvar IL som i tillegg til dei gode resultata ovanfor vart årets klubb 2009!
For meg personleg vart det også ein suksess, men med litt stong ut.
Rykk: 147underkjent-147godkjent-158underkjent
Oppvarminga gjekk dårleg og teknikken vart heilt feil på fyrste forsøk på 147kg, så eg kasta stonga bere rett bak. I andre forsøk gjekk 147kg veldig lett. I siste forsøk gjekk vi "all in" som eg sa til Gunnaren (trenar og formann i Tambarskjelvar). 158kg, 11kg høgning, vart lasta på stonga. Vi gjekk for å ta den ti år gamle nordiske rykkrekorden til ein Finne. Eg har aldri vore så nær på å ta eit rekordforsøk utan å ta det. Eg kom meg fint under stonga med strake armar og sat med ho der i ei ganske lang stund, men ho var akkurat litt for mykje bakpå og seig gradvis bakover heilt til eg måtte sleppe ho bak.
Støyt: 180godkjent-191godkjent-195underkjent
Ny nordisk rekord i støyt! I støyt rauk den 10år gamle rekorden i noko som må vere eit av dei finaste tekniske utførte støyta mine over 180kg. 195kg drog eg fint på meg, men kom i framkant i reisinga slik at eg mista stonga. Dette kjem nok av at eg er for svak mellom skulderblada og i indremuskulaturen, så no vert det roing og terapimaster
Hadde 158kg gått så hadde eg hatt alle dei nordiske junior rekordane. Men desse skal eg ta alle ved neste store stemne! Elles må eg takke for at det var så godt oppmøte i Naustdalshallen og ei veldig god stemning som gjorde det enormt motiverande å lyfte