Du kan jo ta med den kvinnelege utøvartriaden. Dette er ein modell som viser samanhengen forstyrra spiseatferd, menstruasjonsforstyrrelse og osteporose/osteopeni.
Mangel på menstruasjon reduserar østrogenproduksjonen i kroppen, og østrogen styrer remodelleringa av beinstrukturane. Derfor kan ein ved psykis og fysisk stress, fysisk stress, store treningsdosar over lang tid, spiseforstyrrelsar eller lågt energiinntak( eller ein kombinasjon) skade beinstrukturane, og forårsake at ein ikkje når optimal beinmasse, osteopeni/osteoporose,stressbrudd, bløtdelsskadar og moglegeins inertilitet og hjarte/karsjukdommar.
Forekomsten av menstruasjonsforstyrrelsar i normlbefolkninga er 2-5%, blant normale idrettsutøvarar 3-66% og blandt norske eliteutøvarar 27%.
Mange kvinnelege idrettstuøvarar har diagnosen osteopeni, som er forstadiet til osteoporose, og vil derfor sannsynlegvis ikkje oppnå maksimal beinmasse(som dei fleste oppnår i 20-30 år).
Andre viktige årsaker til spiseforstyrrelsar diett og hyppige vektvariasjonar, trenarar og ledarar som set press på utøvar(slankepress, spesielt i idrettar med vektklasse, estetiske idrettar og idrettar som inneber store innslag av spenst).
Det er viktig at trenarar, leiarar og foreldre er merksame og medvitande når det gjeld den kvinnelege utøvartriaden. Dersom eit av punkta i triaden oppstår, bør ein utreda dei to andre faktorane for å vera på den sikre sida.
Kan komma med litt fakta om anorexia nervosa og bulimia nervosa om det er ønskjeleg.