No er det ikkje slik at eg er interessert i verken bodybuilding eller fitness, og det er heller ikkje denne jenta. Heldigvis.
Eg har målt kroppsmassen på to ulike vekter sjølv, og får opp anten ca 60 kg, eller 40% (men den vekta målte visstnok berre skeletal muscle mass,), som skulle tilsvare ca 30 kg. Stolar dog særs lite på den prosentvekta, då ein kar med 6-pack kom ut med ein feittprosent på 16, som nok er lite sannsynleg.
Om dette er korrekte resultat, tviler eg sterkt på. Då må ein undersøkjast med DEXA.
Så ta for all del mine "resultat" med ei klype salt, det gjer eg sjølv óg.
Det eg enkelt og greit lurte på, er jo, enkelt og greit, kor mykje muskelmasse det er normalt å ha, men det er det tydelegvis ingen her på forumet som veit. Så takk for ingenting.
Og igjen, verken eg eller jenta har interesse av å konkurrere i fitness eller kroppsbyggjing, er overhodet ikkje det dette innlegget handlar om.
Og igjen, beefcake, eg har redegjort for utrekningar før, men kan gjere det igjen, og det er ikkje "mi personlege oppfatning", men korleis det i realiteten ER: Du har ei totalvekt, som består av 60% vatn, og 40% andre typar molekyler, som til dømes mineral, protein, feitt, karbohydrat osv. Ein muskel (dvs, ei muskelcelle) er jo ikkje reint protein, den består vel av omlag 60% vatn den óg, vil eg tru. Så du kan godt ha 60% vatn, og 60% musklar, sjøl om 60%+60% blir 120%. Det er ingenting feil med det reknestykket. Har du ei totalvekt på 75 kg, ein beinmasse på 3 kg, og 60 kg musklar, vil du ha ein feittfri masse på 63. 63/75 = 84% musklar, og ein feittprosent på 16 %.