Sida det ikkje ser ut som at intervjuet blir lagt ut på Firda sine nettsider legger eg det ut her;
STYRKELØFT: Mats Daniel Skrede har forsaka ein del ting i livet det siste året, i helga gav det avkasting då Jølstringen tok NM-gull i styrkeløft.
ANDREAS ISAKSEN DAHL
Tekst og foto
Det var i 125kg juniorklassen at Mats klatra heilt til topps, men det har vore ein tøff veg å komme dit.
Val
– Eg har trent i fire år men det er berre siste året eg har tatt det heilt seriøst, seier Mads og legg vekt på seriøst.
Det er ei satsing som påverkar det meste i livet hans.
– Kvart val eg tar er påverka av satsinga, når eg legg meg, kva eg et, kva fritid eg har. Styrkeløftinga kjem føre alt anna akkurat no, seier Skrede som kombinerer knallhard trening kvar dag med jobb som assistent ved skulefritidsordninga.
Best
Kraftkaren fortel om endringar som ikkje berre gjeld sporten, men også Mats som menneske.
– Sporten har endra meg mykje. Før var det overflatiske ting og festing som var viktigast for meg, men ikkje no lenger, eg har eit mål, seier han og fortel om korleis ein finn motivasjon til å trene sju gonger i veka
– Eg skal verte best Eg tenkjer på løftinga kvar dag heile tida, seier han og nemner at det ikkje alltid er like kjekt å bryte seg sjølv ned kvar dag. Det er ikkje berre kroppen han kjenner det på.
– Dårlege treningsdagar går og på psyken, men for det meste likar eg treninga og dei gongene eg skal prøve meg på nye rekordar så gler eg meg heile dagen i forvegen
Sponsorar
I Norge er styrkeløft ein minioritetssport, og sjølv med NM-gull flokkar ikkje sponsorane seg rundt han.
– Eg har ikkje nokre sponsorar endå, men eg skulle gjerne hatt det, seier han og nemner eit budsjett berre på kosttilskot som ligg godt over 10 000 kroner i året.
– Eg er ekstremt systematisk i kosthaldet og veit nøyaktig mengd gram eg får av kvar næringsgruppe. Hittil i år har eg kjøpt 90kg med gainer og 30kg protein i tillegg kjem keratin, vitaminar og omega 3, seier Mats som held seg oppdatert om temaet jamnleg.
Dårleg rykte
Sporten har eit dårleg rykte frå 90-talet då doping florerte innanfor miljøet. Når temaet kjem opp i treningslokalet gløder auga til kraftkaren frå Jølster.
– Antidoping er noko eg brenn for. Andre såkalla styrkeidrettar dreg oss ned i gjørma og vi vert stempla saman med dei, seier han ivrig og nemner «Strongman» som eit skrekkeksempel.
– Eg hatar det. No skal ikkje eg skjere alle dei over ein kam, men det er mykje tøffare å løfte skikkeleg tungt utan dop, seier Skrede.
Norges Styrkeløftforbund er underlagt Norges Idrettsforbund og aktive utøvarar er pålagd antidopingkontrakt. Det vil seie at kontrollørar kan sjekke utøvarane for ulovlege midlar når som helst.
andreas@firda.noSTYRKELØFT
Består av tre øvingar: Knebøy, markløft og benkpress. Den samla vekta i kombinasjon med machtvekt avgjer vinnaren.
Løfta som sikra Mats Daniel Skrede tittelen i junior-NM:
Knebøy: 240,0kg
Benkpress: 162,5kg
Markløft: 282,5kg